RS «Stavanger»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 14 «Stavanger»
«Stavanger» ved Jarlsø i Tønsberg.
Foto: Redningsselskapet, 2002

Status:  Seld, museumsfartøy
Leverandør:  Colin Archer
Konstruktør:  Colin Archer
Byggjeår:  1901
Byggjepris:  10 363 kroner
Oppkalla etter:  Stavanger
Finansiering:  Omdisponering av reservefond i NSSR
Eigenskapar
Materiale: Eik, furu
Lengde:  14,35 m
Breidde:  4,65 m
Djupgåande:  2,35 m
Seglareal:  110 m²
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1901
Ut av teneste:  1939
Menneskeliv berga:  53
Fartøy assistert:  3010

RS 14 «Stavanger» er ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1901. Ho vart konstruert og bygd av Colin Archer. Teikningane som vart brukte var dei som Archer laga til bygginga av «Svolvær». «Stavanger» vart bygd litt djupare akter. Jernkjølen vart og gjort noko lenger. Ho har vorte rekna som ein svært god seglar. Ho var den første av redningsskøytene som fekk sjølvlensande styrebrønn. Byggjesummen var Kr 10363,78. Finansiering vart ordna ved omdisponering av fond i Redningsselskapet. Namnet «Stavanger» fekk ho truleg fordi Redningsselskapet ville gi ein takk for stønaden dei hadde fått frå reiarane i byen gjennom mange år.[1] Det er usikkert om det og var ei innsamling i Stavanger for å finansiere skøyta.

«Stavanger» var som ny stasjonert på Titran. Det var berre to år etter Titranulukka, og det var sterke ynskje om skøytedekning på Trøndelagskysten. Ho var knytt til Titran så lenge ho var i drift for Redningsselskapet. Den viktigaste delen av redningsarbeidet på Trøndelagskysten gjekk ut på å slepe i land fiskarar som stod i fare for å drive til havs.

Mannskapet på «Stavanger» fekk tildelt Emile Robins belønning for 1924.

I 1939, etter endt teneste, vart «Stavanger» seld til Jul. Nielsen frå Oslo Han brukte skøyte til fritids- og turbåt. Han var mellom anna på segltur i Karibia, noko som ikkje var vanleg i 1950. Etter at Jul. Nielsen omkom i eit forlis i 1958, var det kona, Lillerut Bryn Nielsen som segla henne. Etter kvart tok sonen, Jeppe Jul. Nielsen over ansvaret. Han selde «Stavanger» attende til Redningsselskapet i 1998. Det var meininga at ho skulle setjast på land, og framvisast som ei original Archer-redningsskøyte. Både Horten, Stokmarknes, Svolvær, Andenes og Kristiansund var aktuelle stader til dette.[2][3]I 2007 vart det endeleg bestemt at ho skulle plasserast i båthallen til Sjøfartsmuseet på Bygdøy. Ho vart overlevert til museet i 2009 for å takast på land.

Dei seinaste åra har det vorte gjort mykje for å føre skøyta tilbake slik ho var som redningsskøyte kring 1930. Motor og elektrisk opplegg har vorte fjerna. Innreiing har vorte oppbygd etter originalteikningar, og etter synlege spor etter inventaret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jeppe Jul Nielsen
  2. Jul. Nielsen
  3. Bjørn Fosse