RS «Thomas Fearnley»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
RS 46 «Thomas Fearnley»
Verft:  K. Christensen & Co.
Konstruktør:  Bjarne Aas
Byggjeår:  1938
Byggjepris:  76 217,70 kroner
Oppkalla etter:  Thomas Fearnley
Eigenskapar
Materiale: Tre
Navigasjon og kommunikasjon
Statistikk
Sett inn i teneste:  1938
Ut av teneste:  1967
Menneskeliv berga:  109
Fartøy berga:  7
Fartøy assistert:  621
Sjuketransport:  70

RS 46 «Thomas Fearnley» var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1938. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør . Ho var den niande av i alt fjorten skøyter i Bjarne Aas klassa som vart bygd for Redningsselskapet. Ho er oppkalla etter skipsreiar Thomas Fearnley.

I 1967 vart ho teken ut or teneste og seld. Medan ho tenestegjorde som redningsskøyte berga ho 109 personar frå «ein sikker daude», 7 fartøy vart berga frå totalforlis. Det var gitt assistanse til totalt 621 fartøy.

«Thomas Fearnley» er no (2011) i privat eige og høyrer heime i Midsund i Romsdal.