Ra i glasiologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
På Tromøy i Arendal kommune er raet avsett heilt ytst mot Skagerrak i Raet landskapsvernområde.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Ra er ein grusrygg, ofte ein endemorene. Som oftast refererer Ra (eller Raet) til ei av dei største endemorenane frå den siste istida. Då innlandsisen mot slutten av istida trekte seg attende, kunne han stogge på vegen i fleire hundre år av gongen. Der iskanten vart liggande still (like mykje is smelta tilbake som isen rørte seg framover) samla det seg opp materiale som isstraumen førte med seg frå innlandet: sand, stein og grus. Då så isen trekte seg vidare attende vart dette liggande tilbake som ein svær fold i landskapet der iskanten hadde vore.

Garden Ra i Horten er opphav til det geologiske omgrepet ra.

Vestfold og Østfold[endre | endre wikiteksten]

Noregs største ra, mest kjent som Raet, strekker seg på skrå gjennom Vestfold og Østfold, starten i Vestfold er ved Mølen, og det går ut i Oslofjorden ved Borre. I Østfold går morenen i land ved Moss. Morenen demmer opp innsjøar, blant andre Vannsjø.

Andre norske ra[endre | endre wikiteksten]

Endemorenar frå same tid som Raet i Østfold og Vestfold finst fleire stader rundt norskekysten. Stadnamn med ra i namnet inkluderer til dømes garden og kyrkjesoknet Ranes i Surnadalen og fleire stader med namnet Ravik/Ravika (Åfjorden, Gildeskål, Karlsøya), Raet (Gimsøya) og Raen (Buksnes).