Raasay

Koordinatar: 57°22′48″N 6°01′41″W / 57.38°N 6.028°W / 57.38; -6.028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raasay
Lokalt namn Ratharsair
Geografi
Raasay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°22′48″N 6°01′41″W / 57.38°N 6.028°W / 57.38; -6.028
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 62,31 km²

Høgaste punkt Dùn Caan (444 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Highland
Største busetnad Inverarish

Demografi
Folketal 192 (2001)

Raasay (skotsk-gælisk Ratharsair) er ei øy mellom Isle of Skye og fastlandet i Skottland. Mellom Skye og Raasay ligg Sound of Raasay og mellom Applecross og øya ligg Inner Sound. Øya er mest kjend for å vere fødestaden til diktaren Sorley MacLean, ein viktig person i skotsk renessanse.[1] Tradisjonelt har øya høyrt til MacSween-klanen, men vart styrt av MacLeod-klanen frå 1500- til 1800-talet. Øya har i stor grad vore i privat eige opp gjennom åra.[2] Raasay House, som vart vitja av James Boswell og Samuel Johnson i 1773, er i dag eit utandørssenter.[3] Raasay tyder «Rådyrøya» og ein endemisk underart av klatremus held til på øya.[4]

Geologi og geografi[endre | endre wikiteksten]

Dùn Caan frå Loch na Mna

Øya er om lag 23 km frå nord til sør og om lag 5 km frå aust til vest på det breiaste. Terrenget er variert og det høgaste punktet er Dùn Caan på 444 meter over havet. Toppen er heilt flat. Øya Rona ligg like nord for Raasay og tidvassøyane Eilean Fladday og Eilean Tigh ligg i nordvest. Andre mindre øyar rundt Raasay er Eilean Aird nan Gobhar, Eilean an Inbhire, Holoman Island, Manish Island, Fraoch Eilean, Glas Eilean, Griana-sgeir og Eilean an Fhraoich. Den største landsbyen Inverarish ligg på sørvestsida.

Øya er geologisk interessant og mange geologistudentar kjem hit for kartleggingsprosjekt. Sørenden består stort sett av sandstein og skifer. På nordsida finn ein gråstripa arkaisk gneis og granulitt med lag av gabbro, peridoditt og kalkfeltspat. Det finst òg mindre utbrot av oljeskifer frå juratida og sandstein med stundom kalkstein innimellom. Jernmalmlaga inneheld enkelte årer av oolittisk jernspat og chamositt, som vart vunne ut kommersielt tidleg på 1900-talet. Det estimert at det ligg om lag 10 millionar tonn att.

Sjøen i aust og vest er særs djup, grave ut av isbrear under pleistocen.[5]

Økonomi og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kart over Skye og Raasay

Houvdnæringa på øya er turisme, arbeid for ferjeselskapet, jordbruk og fiske, eller ein pendlar til Skye. Det ligg ein grunnskule på øya, men eldre studentar må reise til Portree med ferje og buss. Ein 15 minuttar lang ferjetur går frå øya til Sconser på Skye.

Av attraksjonar på øya finn ein ein broch, ruinane av Brochel Castle, innskrivne steinar, den gamle herregarden Raasay House, folketomme samfunn og mange stiar.

Det ligg ein butikk og eit postkontor i Inverarish. Ein kan overnatte på Isle of Raasay Hotel, Raasay Outdoor Centre (ved Raasay House), forskjellige B&Bs og Scottish Youth Hostels Association ungdomsherberge, Creachan Cottage. Det er mange feriehus sør på øya. Dette har stoppa nedgangen i folketalet, som har gått frå over 900 i 1803 til 194 i 2001.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner lite til Raasay i den tidlege kristne perioden. Stadnamnet Kilmaluag indikerer at St. Moluag kan ha vore her seint på 500-talet.[6]

Castle Broichin on the Isle of Raasay, ein akvatinta frå 1819 av William Daniell som syner Brochel Castle

I følgje tradisjonen skal Sweeney-klanen opphavleg ha halde til på Raasay, men det finst ikkje skriftlege kjelder som støttar dette.[7] Ein veit at øya vart styrt av MacLeod-klanen frå 1518 då Calum Garbh, ein yngre son av MacLeod-høvdingen på Lewis fekk øya.[4] Martin Martin vitja øya mot slutten av 1600-talet.

Brochel Castle vart bygt av MacSween-klanen på 1400-talet på nordaustkysten av Raasay. Seinare vart han base for piratverksemda til MacLeod-klanen frå Lewis før Calum Gharb kom her. Borga var busett fram til høvdingen Iain Garbh drukna i 1671 og ligg i dag i ruinar. I mellomtida flytta Macleoad-klanen setet sitt til sørenden av øya go Raasay House.[4][2]

Sjølv om dei var protestantar støtta MacLeoad-klanen på Raasay Bonnie Prince Charlie i 1745. Etter å ha tapt i slaget ved Culloden, gøymde prinsen seg ei stund på Raasay frå dei britiske troppane[8] og som følgje av at øya hadde støtte jakobittane vart det opphavlege Raasay House og mange av bygningane på øya sett i brann av dei britiske soldatane.

Klippene Creag na Bruaich, sør for Brochel Castle

I 1773 kom James Boswell og Samuel Johnson til øya under reisa deira til Hebridane.

Raasay House

I 1843 var den siste godseigaren, John Macleod, i stor gjeld og utvandra til Tasmania[2] etter at han selde Raasay for 35 000 guinea til George Rainy. Etter at potetavlingane slo feil i 1840-åra, valde eigaren å omgjere mykje av markene til sauebeite. Innbyggjarane måtte då flytte og løysinga hans var å forby giftarmål på øya. Fleire landsbyar vart utreinska. To skip med emigrantar drog av stad til Australia i 1852, og eit nytt skip for i 1865. Eigedomen vart så selt til Edward Wood, og det oppstod konflikt mellom landeigaren og øybuarane då han ønskte å omgjere øya til idrettsføremål.[9] Øya kom så til Baird & Co. i 1911, som opna ei jerngruve her.[10]

Ein del av landsbyen vart nytta som krigsfangeleir for tyskarane under den første verdskrigen. Fangane vart nytta som arbeidarar i gruvene. Øya vart kjøpt opp av staten i 1922 etter at gruva stengde.

Dei såkalla «Raasay Raiders» slo seg ned på øya i mai 1921. Dette var ei gruppe gardbrukarar som stamma frå Raasay, men hadde budd på Rona sidan ryddinga av øya. Dei sju mennene i gruppa hadde tent i fyrste verdskrigen, og meinte dei hadde krav på land. Dei vart arresterte og sende til fengsel, men hadde stor sympati blant folket. Det enda med at dei vart sette fri og fekk tilgang til eigedommar på Raasay.[11][12]

Folk frå Raasay[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Douglas Gifford, Douglas; Dunnigan, Sarah; MacGillivray, Alan: (Eds.) (2002) Scottish Literature: In English og Scots. Arkivert 2005-01-13 ved Wayback Machine. Edinburgh University Press.
  2. 2,0 2,1 2,2 Keay & Keay (1994) s. 797.
  3. "Welcome to Raasay House" Arkivert 2009-04-29 ved Wayback Machine. Raasay Outdoor Centre.
  4. 4,0 4,1 4,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. s. 161–166. ISBN 1841954543.
  5. Gillen (2003) s. 176.
  6. Rixson (2001) s. 19.
  7. MacLeod (2004) s. 17.
  8. Murray (1966) s. 153.
  9. Cooper (1979) s. 142–143.
  10. Draper & Draper 2003, s. 5.
  11. Green, Eilean (21. mars 2021), «Raasay Raiders... 100 Years On», Isle of Raasay Distillery (på engelsk), henta 25. desember 2023 
  12. Leah Leneman. «Land Settlement in Scotland After World War I» (PDF). Ag Hist Rev. s. 52–64. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]