Rabén & Sjögren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rabén och Sjögren er eit svensk forlag som vart grunnlagt i 1942 av Hans Rabén og Carl-Olof Sjögren. Det spesialiserer seg på å gje ut barne- og ungdomslitteratur.

Forlaget gav mellom anna ut bøker av Astrid Lindgren. Samarbeidet med Lindgren byrja med at ei historie om Pippi Langstrømpe vann ei tevling forlaget hadde utlyst i barne- og ungdomslitteratur i 1944. Andre forfattarar som har vorte gitt ut av forlaget er Ove Allansson, Svante Foerster, Hans Granlid, Birger Norman, Inger Edelfeldt, Inger og Lasse Sandberg, Jostein Gaarder, Lennart Hellsing og Barbro Lindgren

Sidan 1998 inngår R & S i Norstedt och Söners forlag. Dotterselskap til R & S er Tidens förlag og Citadell

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den svenske Wikipedia Arkivert 2005-02-22 ved Wayback Machine.