Rabindranath Tagore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rabindranath Tagore

Rabindranath Tagore (6. mai 18617. august 1941) var ein bengalsk (hinduisk) tenkjar, nasjonalist og forfattar. Han arbeidde for sosial reform og støtta indisk sjølvstende, og skreiv både politiske og meir personlege tekstar. Han er kjend for verk som Gitanjali (Song-offer), Gora ('Lyshuda') og Ghare-Baire ('Heimen og verda'), og har skrive teksten til både den indiske og den bangladeshiske nasjonalsongen: «Jana Gana Mana» og «Amar sonar Bangla».

Tagore var anerkjent både i heimlandet og i Vesten, der han påverka mange forfattarar. I 1913 blei han den første asiaten som vann ein nobelpris då han fekk Nobelprisen i litteratur. Han grunnla også Visva-Bharati-universitetet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Tagore var fødd i Calcutta i Bengal i Britisk India som son av Sarada Devi (1830-1875) og religionsgrunnleggjaren Debendranath Tagore (1817-1905). Familien var velståande brahminar med eit herskapshus i Calcutta og eigedommar i Santiniketan og Shilaidaha. Tagore reiste til England i 1878 og studerte juss ved University College London, men vende tilbake til India i 1880 utan å ha fått ei grad. I 1883 gifta han seg med Mrinalini Devi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rabindranath Tagore
Spire Denne litteraturartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.