Radarkontroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radarkontroll utført av politiet i Buffalo i USA i 1974.

Radarkontontroll er ei vanleg nemning på fartsmåling på køyretøy som bilar. Målinga blir utført med dopplerradar som er mykje enklere enn fly- og skipsnavigeringsradarar. Radaren sender ut kontinuerlege radiobølgjer i ei viss retning og mottar dei reflekterte bølgjene frå køyretøyet ein kontrollerer. På grunnlag av frekvensforskjellen i utsende og reflekterte bølger kan ein fastslå hastigheit.[1]

Radarkontroll av bilar blei først brukt av politiet i USA i slutten av 1940-åra. I 1950-åra kom teknikken til Noreg.[1]

Ein automatisk radarkontroll viser bilistane sjølve kva fart dei held.
Radarkontroll i ei gate i Tsjekkia i november 2009.

Radarkontontrollar kan gjerast på automatisk vis ved å kombinerast med eit apparat som fotograferer dei bilane som køyrer fortare enn fartsgrensa, ein såkalla fotoboks, som står fast montert ved vegen. Slike automatiske kontrollar vert vanlegvis varsla med særskild skilting. Kontrollar kan òg gjerast i løynd av politi som gøymer seg på aktuelle stadar i stuttare eller lengre tid, og syter for å stoppe dei som bryt fartsgrensa.

Tidlegare vart fotograferinga i samband med automatiske radarkontrollar gjort med kamera med film som måtte takast ut or apparatet etter ei tid og erstattast med ein ny. Men no vert ofte digital teknikk nytta og fotografia sende vidare til ein sentral med ein gong, slik at bøter eller gebyr kan skrivast ut snøgt. Då går dessutan ikkje prova for fartsoverskridinga tapt om apparatet vert skada eller øydelagt av arge bilistar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Radarkontroll (17. februar 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 16. mars 2014.
Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.