Radarsat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit bilete av Canada tatt frå Radarsat

Radarsat er eit canadisk program av jordobservasjonssatelittar som overvaker jorda ved bruk av radar. Den første satelitten, Radarsat-1 vart skoten opp i 1995[1] og er framleis operativ. Radarsat-2 kom til i 2007 og er eit samarbeid mellom canadiske styresmakter og private aktørar.[2]

Canada sin oppfølgjar av Radarsat-programmet, Radarsat Constellation , kom til i 2019. Då vart ein rakett med tre satelittar oppskoten [3] . Alle satelittane i radarsat-serien nyttar ein SAR (Synthetic Aperture Radar) for å overvake jorda. Fordelen med SAR er at det ser gjennom skyar og om natta, noko valnlege optiske satellittar ikkje gjer. SAR blir brukt mykje i maritim overvaking. Noreg har ein avtale med Canada som gjer at Noreg får tilgang til 2000 bilete i året frå Radarsat-2.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]