Radialmotor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radialmotor for ein to-dekkar.

Radialmotor, eller stjernemotor, er ein motor der sylindrane er plassert i ein sirkel rundt veivakselen.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Veivstengar i ein radialmotor
Gjennomskåren radialmotor.

Sylindrane er plasserte i ei «stjerne» rundt veivakselen og rådane er opplagra i eit felles nav som driv veiva på veivakselen. Alle sylindrane er plasserte i same plan, så stjernemotorar har stor diameter, men ein stutt byggemåte. For å få så jamt dreiemoment og så lite vibrasjon som mogeleg har firetakts stjernemotorar alltid eit ulike sylindertal, som fem, sju eller ni. Totakts stjernemotorar derimot kan ha eit like sylindertal. Til dømes bygde Adolf Schnürle i 1940 ein åttesylindra totakts stjernemotor.

Dei fyrste stjernemotorane hadde berre ein krins med sylindrar, men for å få plass til fleire sylindrar tok ein etter kvart til å nytta fleire krinsar. Til dømes hadde Republic P-47 Thunderbolt ein 18-sylindra tokrins stjernemotor, med ni sylindrar i kvar krins. Pratt & Whitney R-4360 hadde 28 sylindrar i fire krinsar og Lycoming XR-7755 hadde 36 sylindrar, med fire sylindrar i ni krinsar. Den sovjetiske Zvezda M503 hadde 42 sylindrar, med sju sylindrar i seks rekkjer.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Fly[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste stjernemotorane vart nytt i fly og hadde luftkjøling. Dei radialt plasserte sylindrane var plasserte direkte i propellvinden, så det var ikkje naudsynt med separat kjølevifte. At ein ikkje trong kjølevæske var ein føremon, etter som den ekstra massen ville ha redusert nyttelasta. Under fyrste verdskrig var fly med stjernemotorar vanlege og sjølv om bruken avtok var dei framleis i bruk til jetmotorane tok over. Det vert framleis produsert stjernemotorar for småfly. Til dømes produserer det australske føretaket Rotec små sjusylindra stjernemotorar og HCI Aviation i USA femsylindra stjernemotorar.

Stridsvogner[endre | endre wikiteksten]

Continental R-670 og R-975, som opphavleg var flymotorar, vart nytta i fleire stridsvogner i hæren til USA.

Racerbilar[endre | endre wikiteksten]

Monaco-Trossi frå 1935 er ein av dei få racerbilane med stjernemotor.

Motorsyklar[endre | endre wikiteksten]

Den tyske motorsykkelen Megola frå 1920-taket hadde ein femsylindra stjernemotor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]