Radikale Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Det Radikale Venstre er eit sosialliberalt politisk parti i Danmark. Radikale Venstre er med i Den liberale internasjonale og er søsterparti av Venstre i Noreg. Partiet vart grunnlagt 21. mai 1905. Formannen er Søren Bald, sidan 2001. Leiar av folketingsgruppa er Marianne Jelved. Ved det siste folketingsvalet, i 2005, fekk partiet 9,2 % av røystene og 17 plassar i Folketinget (av 179). Dette var det beste valresultatet for partiet sidan 1973. Det tilhøyrer for tida opposisjonen.

Innhaldsliste

[endre] Politikk

Før folketingsvalet i 2005 markerte Radikale Venstre seg i valkampen mellom anna med sterk motstand mot det som det såg som den framandfiendtlege politikken til den sitjande Venstreregjeringa til Anders Fogh Rasmussen. Det gjekk mellom anna sterkt imot restriksjonane på familiegjenforening med utanlandske ektefeller som regjeringa har innført.

I 2006 vedtok partiet ein framtidsstrategi som det kallar "En anden vej". Der vil partiet framstå som eit reelt alternativ, uavhengig av både den høgreorienterte regjeringa til Fogh Rasmussen og Sosialdemokratane. Partiet avviser samarbeid med Fogh Rasmussen, og vil køyra fram Marianne Jelved som sin statsministerkandidat ved neste folketingsval.[1]

Partiet sin ungdomsorganisasjon heiter Radikal Ungdom af 1994.

[endre] Historie

[endre] Valresultat for Radikale Venstre

Val til Folketinget 1960-2007
Årstal Prosent av røystene Mandat
2007 5,1 % 9
2005 9,1 % 17
2001 5,2 % 9
1998 3,9 % 7
1994 4,6 % 8
1990 3,5 % 7
1988 5,6 % 10
1987 6,2 % 11
1984 5,5 % 10
1981 5,1 % 9
1979 5,4 % 10
1977 3,6 % 6
1975 7,1 % 13
1973 11,2 % 20
1971 14,4 % 27
1968 15,0 % 27
1966 7,3 % 13
1964 5,3 % 10
1960 5,8 % 11

[endre] Partileiarar


[endre] Statsministrar frå Radikale Venstre


[endre] Eksterne lenkjer

Personlege verktøy