Radio K.A.O.S.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Radio K.A.O.S)
Radio K.A.O.S.
Studioalbum av Roger Waters
Språk engelsk
Utgjeve 15. juni 1987
Innspelt Oktober til desember 1986
Studio Billiard Room (London)
Sjanger Progressiv rock
Lengd 41:24
Selskap
Produsent
Roger Waters-kronologi 
When the Wind Blows
(1986)
Radio K.A.O.S. The Wall – Live in Berlin
(1990)


Singlar frå Radio K.A.O.S.
  1. «Radio Waves»
    Utgjeve: 11. mai 1987
  2. «Sunset Strip»
    Utgjeve: 12. september 1987
  3. «The Tide Is Turning (After Live Aid)»
    Utgjeve: 16. november 1987
  4. «Who Needs Information»
    Utgjeve: 21. desember 1987

Radio K.A.O.S. er det andre studioalbumet til den engelske rockemusikaren og tidlegare Pink Floyd-medlemmen Roger Waters. Det kom ut 15. juni 1987 i Storbritannia og 16. juni i USA og var det første soloalbumet til Waters etter han formelt slutta i Pink Floyd i 1985. Som mange av soloalbuma og Pink Floyd-albuma var òg dette eit konseptalbum basert på ei rekkje tema som var aktuelle seint i 1980-åra, inkludert monetarisme og korleis dette påverkar folket, popkulturen på den tida og hendingar og konsekvensar av den kalde krigen. Han kritiserer òg styret til Margaret Thatcher, slik Pink Floyd-albumet The Final Cut hadde gjort.

På albumet følgjer ein Billy, ein mentalt og fysisk invalid mann frå Wales, som er tvungen til å bu med onkelen David i Los Angeles etter at broren Benny vart dømd til fengsel. Benny måtte i fengsel då han mista jobben som kolgruvearbeidar på grunn av «marknadskreftene» og ei hending som var meint å støtte ein kolgruvearbeidarstreik, men som førte til at ein taxisjåfør mista livet. Albumet utforskar tankane om og synspunkta på verda gjennom ein samtale som føregår over lufta mellom han sjølv og Jim, ein radiopratar på ein lokal, oppdikta radiostasjon kalla Radio KAOS.

Bakgrunn og inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

I 1979 møtte Waters Jim Ladd for ein radiodokumentar om albumet The Wall og dei to vart vener. Ladd inspirerte Waters i det keisame livet hans i Los Angeles, først gjennom å lytte til dei rare fiskerapportane på KMET. Waters vart stadig meir interessert i jobben Ladd hadde på radiostasjonen KMET og at han til slutt fekk sparken fordi radioformatet vart endra etter at stasjonen hadde utført ein marknadsundersøking. I 1985 skreiv Waters ein song kalla «Get Back To Radio», som verka å vere dels basert på Ladd og dels sine eigne barndomsminne. Waters lytta med stor glede på Radio Luxembourg til langt på natt då han var barn.

Under ein gruvestreik i Storbritannia i 1985 kasta ein streikande arbeidar ei betongblokk av ei gangbru og tok livet av ein taxisjåfør medan han køyrde ein gruvearbeidar på veg til jobb. Waters skreiv om denne hendinga i den andre songen han skreiv for prosjektet, «Who Needs Information» og seinare, «Me or Him». Albumet hadde arbeidstittelen Home og tok tre månader å spele inn. Det vart utvikla ut frå 16 songar gjennom 1986.[1]

Konsept[endre | endre wikiteksten]

Popkulturen i Los Angeles og radioindustrien i området på den tida var utgangspunktet for den oppdikta Radio KAOS-stasjonen som spelar ei viktig rolle på albumet. .

Billy er ein 23 år gammal walisar frå South Wales Valleys. Han er mentalt og fysisk invalid og sit i rullestol, lam frå livet og ned.[2] Sjølv om han vert rekna som mentalt utfordra, gjorde funksjonshemmingane hans han ikkje berre til eit slags geni, men òg eit supermenneske, sidan han bokstavleg talt kan høyre radiobølgjer på alle frekvensar utan hjelpemiddel.[3]

Billy budde i lag med tvillingbroren Benny, som var kolgruvearbidar, kona hans Molly og borna deira. Uheldigvis mistar Benny jobben på grunn av «marknadskreftene». Ein kveld er Benny og Billy ute på pub då dei passerer ein butikk full av fjernsyn som sender Margaret Thatcher si «spottande og nedlatande framferd». Benny får utløp for sinnet sitt mot denne butikken og stel ein trådlaus telefon. Benny balanserer på teatralsk vis på rekkverket på ein fotovergang i protest mot nedleggingane, og same kvelden mistar ein taxisjåfør livet då Benny slepp ei betongblokk ned på vegen under frå ei liknande bru («Who Needs Information» – spor 2). Politiet tar Benny, som gøymer telefonen i rullestolen til Billy, inn til avhøyr.

Benny må i fengsel, og Molly som ikkje klarer det aleine, sender Billy til onkelen hans David i Los Angeles i California. Sidan Billy kan høyre radiobølgjer i hovudet («Radio Waves» – spor 1), byrjar han å utforske den trådlause telefonen, og ser at han liknar ein radio. Han eksperimenterer med denne telefonen og klarar å få tilgang til datamaskinar og talesyntheziserar, slik at han kan snakke gjennom desse. Han ringjer til ein radiostasjon i L.A. kalla Radio KAOS og fortel livssoga si om broren som måtte i fengsel («Me or Him» – spor 3), om svigerinna som ikkje kan ta seg av han aleine og sender ha til L.A. for å bu med onkelen («Sunset Strip» – spor 5), og om nedleggingane av gruvene («Powers That Be» – spor 4).

Billy hackar seg til slutt inn på ein militærsatellitt og lurer verda til å tru at atombomber er i ferd med å sendast over alle dei større byane i verda, samstundes som han har blokkert militæret sitt høve til å ta igjen («Home» – spor 6 og «Four Minutes» – spor 7). Albumet vert avslutta med ein song om korleis alle, når dei trur dei skal døy, forstår at frykta og konkurranseevna som massemedia driv fram, er mykje mindre viktig enn kjærleiken til familien og det større samfunnet («The Tide Is Turning» – spor 8).

I omslaget dediserer Waters albumet «til alle dei som finn seg sjølv i den valdelege enden av monetarisme

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn i heimestudioet til Waters i London, The Billiard Room, og miksa i Odyssey Studios i London. Med seg på innspelinga hadde Waters eit band han kalla Bleeding Heart Band.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Omslag[endre | endre wikiteksten]

Morsekode er eit sentralt tema i omslaget og stilen på albumet, både visuelt og lydmessig. Omslaget vart designa av Kate Hepburn, og er skriven som morsekode i grønt på svart bakgrunn. Omsetjinga av koden går over både bak- og framsida av omslaget. På framsida står det i morsekode ROGER/WATERS/RADIO/KAOS/WHONE/EDSINF/ORMA/TIONTH. På baksida står det EPOWE/RSTHAT/BEHO/METHETI/DEISTU/RNING/RADIO/WAVES. Det står altså namnet på artisten, albumtittelen og namnet på fem songar på albumet.[4] Denne morsekoden kan ein òg høyre på sjølve albumet, mest merkbart i byrjinga og slutten på albumet på liknande måte som hjarterytmen på Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon og «Outside of the Wall» på The Wall.

Singlar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til åtte songar som vart brukte på albumet, vart det gjeve ut andre songar som B-sider.

Den første singelen frå albumet var «Radio Waves», og kom ut 11. mai 1987 på 7"-singel, 12"-singel og CD-singel.[5] B-sida var eit spor som ikkje var på albumet, «Going to Live in L.A.». «Radio Waves» gjekk ei kort stund inn på både den amerikanske og den britiske singellista same månaden som han kom ut og nådde 74. plassen på den britiske singellista og 12. plassen på den amerikanske Billboard Mainstream Rock-lista.[6]

«Sunset Strip» var den andre singelen frå albumet og kom i september 1987. B-sidene til denne var ein demoversjon av «Get Back to Radio» og eit konsertopptak av Pink Floyd sin «Money». Trass i at «Sunset Strip» ikkje vart send som promosingel til amerikansk og britisk radio, og konkurrerte med singelen til det tidlegare bandet til Waters, «Learning to Fly» som toppa Billboard Mainstream Rock-lista, klarte han å nå som høgt 15. plassen.[7]

«The Tide Is Turning» vart gjeven ut som den tredje singelen i Storbriannia og Australia.[5] Utan direkte konkurranse frå Pink Floyd, gjorde singelen det godt i Europa og nådde 54. plassen på den britiske singellista.

«Who Needs Information?» vart gjeven ut på singel i USA i desember 1987 som den fjerde og siste singelen,[5] med eit konsertopptak av «Molly's Song», som ikkje finst på noko album. Singelen konkurrerte med Pink Floyd-songen «On the Turning Away». Denne Pink Floyd-singelen gjekk òg til topps på Mainstream Rock-lista i USA,[8] medan «Who Needs Information?» ikkje gjekk inn på lista, trass i at han vart spelt noko på radio.

Waters sa ein gong i eit intervju at han kunne kome til å gje ut ein EP med somme songar som var att frå dette prosjektet, men dette har aldri blitt noko av.

Marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Plata vart først annonsert via ei pressmelding frå EMI den 6. april 1987.[1] Pressemeldinga nemnte at prosjektet var ein fullverdig rockeopera med eit sceneshow, film og konsertalbum.

Waters laga òg ein video-EP for albumet med songane «Radio Waves», «Sunset Strip», «Fish Report», «Four Minutes» og «The Tide Is Turning (After Live Aid)».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[9]
Los Angeles Times2.5/4 stars[10]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[11]
The Village VoiceB[12]

Albumet kom ut 15. juni 1987 i Storbritannia og USA og vart møtt med blanda kritikk. Internasjonalt gjekk det berre inn på albumlistene i Storbritannia og USA, der det nådde høvesvis 25. og 50. plass.

J.D. Considine i Rolling Stone var positiv til albumet og skreiv at det var «på ingen måte perfekt, men mektig»;[13] og sjølv om temaa og stilen på albumet vart kritisert, meinte han det var ei forbetring frå debutalbumet hans, The Pros and Cons of Hitch Hiking.[1] Robert Christgau frå The Village Voice skreiv: «Her er Waters si rullestorbundne utgåve av den blinde og døvstumme guten som lærer seg å ta kontroll over datamaskinane i verda med ein trådlaus telefon, og så simulerer atomkrig for å skremme driten ut av stormaktene. Eg har alvorlege reservasjonar til ei plate ein ikkje kan nyte fullt ut utan å lese i omslaget først, men det har likevel sine lydmessige belønningar - ein bra song eller to med nokre fine akkompagnement med shakuhachi, og djupe lydeffektar som Floyd var kjende for. Så langt pretensiøst går, er det ikkje dumt.»[12]

Etter utgjevinga har Waters sjølv uttrykt at han mislikte albumet og innsatsen som vart lagt inn i det.[1] Han innrømde at forsøket på å la albumet høyrast «moderne» ut hadde øydelagd plata:

« Mellom Ian Ritchie og meg sjølv, klarte me å spolere den plata. Me prøvde for hardt å få det til å høyrast moderne ut. Eg tillet meg sjølv å bli pressa ned vegar som var ukomfortable for meg. Eg burde aldri ha laga den plata. »

I tillegg til å vere misnøgd med produksjonen, angra Waters på avgjersla om å korte ned albumet frå eit dobbelt- til eit singelalbum, slik at mykje av konseptet gjekk tapt.[14]

I ei seinare melding skreiv Mike DeGagne i AllMusic at i motsetnad til andre album av Waters var det musikken meir enn soga som vart boren fram her, men òg at «medan både The Pros and Cons of Hitch Hiking og Amused to Death syner kor dyktig han er til å bruke konsept, fantasi og tekst, verkar dette albumet å ikkje vere meir enn ei oppdikta soge med ei skamlaust tydeleg melding.»[9]

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Reklamekampanjen for Ronald Reagan som ein kan høyre under «Me or Him» er sampla frå ein faktisk politisk reklame frå 1980 for Reagan.[15][16][17]
  • Albumet inneheld skjulte meldingar. Den mest kjende av desse er morsekodemeldinga i byrjinga og slutten av albumet. Dette er eit «gøymd vers» frå «The Tide is Turning»:

Now the past is over but you are not alone

Together we'll fight Sylvester Stallone
We will not be dragged down in his South China Sea

of macho bullshit and mediocrity

Dette verset uttrykker at Waters mislikar korleis Sylvester Stallone-filmar herleggjer valdelege handlingar. Eit hint til dette skjulte verset finn ein i sjølve songen der Waters seier «The tide is turning, Sylvester.»
  • Avslutningssongen «The Tide is Turning» vart lagt til som ein tilsynelatande «lykkeleg slutt» etter at EMI hadde fortalt Waters at albumet var for dystert til å selje.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Radio K.A.O.S.-turneen gjekk frå midten av august 1987 til slutten av november same året. Heile turneen gjekk i Nord-Amerika, utanom to konsertar på tampen av turneen på Wembley i England. Turneen var den største til Waters på det punktet i karrieren og bestod av ekstravagant scene, kulissar og video. Heile konserten vart presentert som eit spesialprogram på radiokanalen K.A.O.S., «K.A.O.S. on the Road», med Jim Ladd som introduserte songane, konverserte med Billy, eller berre komplimenterte Roger og bandet for framføringa deira. Skjermen som vart nytta på turneen synte video av Waters, Ladd og andre skodespelarar som spelte forskjellige sider av soga, i tillegg til animasjonar og videoar som illustrerte songane. Konserten vart kvar kveld «avbroten» av Billy, som spelte videoen til den første Pink Floyd-singelen «Arnold Layne», til minne om Syd Barrett.

Før kvar konsert tok Jim Ladd i mot telefonar frå ein telefonkiosk, som så vart svarte av Waters. Personen som fekk ringe vart vanlegvis vald ut i ein konkurranse på ein lokal radiostasjon. Setlista omfatta heile Radio K.A.O.S. innimellom populære Pink Floyd-songar av Waters og konserten varte typisk kring to og ein halv time.

Turneen vart særs dyr og gjekk i tap, og Waters betalte stundom utgiftene med sine eigne pengar. Dette var litt av årsaka til at turneen vart avgrensa til Nord-Amerika, då planane om ein verdsturné vart lagt på hylla etter ein såg at det vart for dyrt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Roger Waters.

Nr.TittelLengd
1.«Radio Waves»4:58
2.«Who Needs Information»5:55
3.«Me or Him»5:23
4.«The Powers That Be»4:36
5.«Sunset Strip»4:45
6.«Home»6:00
7.«Four Minutes»4:00
8.«The Tide Is Turning (After Live Aid)»5:43
Total lengd:41:24

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Paul Batchelor – assisterande lydteknikar
  • Noel Davis – kormeister
  • Nick Griffiths – medprodusent på «Me or Him» og «The Powers That Be»
  • Kate Hepburn – design
  • Eric Jones – korarrangement
  • Chris Sheldon – lydteknikar
  • Kevin Whyte – assisterande lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1987) Plassering
UK Albums Chart 25
US Billboard 200[19] 50

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Radio K.A.O.S.». The Complete Roger Waters Discography. RogerWaters.org. Henta 12. juli 2019. 
  2. «Radio K.A.O.S. – Video EP». EMI (Storbritannia), Columbia Records (United States). 
  3. «Radio Waves». Radio K.A.O.S. EMI (Storbritannia), Columbia Records (United States). 
  4. «Java Morse Code Translator». Henta 14. januar 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 «The Pink Floyd Discographies Page». Discography Listings. The Pink Floyd Archives. Arkivert frå originalen 15. juli 2019. Henta 12. juli 2019. 
  6. «Roger Waters – Radio Waves». Billboard. Henta 14. juli 2019. 
  7. «Roger Waters – Sunset Strip». Billboard. Henta 14. juli 2019. 
  8. «Pink Floyd – Awards». Artist Awards. Allmusic. Henta 12. juli 2019. 
  9. 9,0 9,1 DeGagne, Mike. Radio K.A.O.S.Allmusic. Henta 14. juli 2019.
  10. Willman, Chris (28. juni 1987). «Waters Widens Target». Los Angeles Times. Henta 14. juli 2019. 
  11. Cross, Charles R. (2004). «Roger Waters». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 864. ISBN 0-7432-0169-8. 
  12. 12,0 12,1 Christgau, Robert (29. desember 1987). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 14. juli 2019. 
  13. «Roger Waters : Radio K.A.O.S.». Rolling Stone. 16. juli 1987. Arkivert frå originalen 21. juni 2009. Henta 14. juli 2019. 
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 14. juli 2019, henta 14. juli 2019 
  15. «Remember Bin Laden And Dance, Dance, Dance». The Erstwhile Conservative. Henta 13. oktober 2014. 
  16. «Hulu». Hulu. Arkivert frå originalen 28. mai 2012. Henta 13. oktober 2014. 
  17. «Political Ad: «Iran» Reagan, 1980». NBC Universal Media. Henta 14. juli 2019. 
  18. Miles, Barry; Mabbett, Andy (1994). Pink Floyd - The Visual Documentary. London: Omnibus. ISBN 0-7119-4109-2. 
  19. «Roger Waters – Chart History». Artists. Billboard. Henta 14. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]