Radio New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radio New Zealand (maori Te Reo Irirangi o Aotearoa) er ein allmennkringkastar av radioNew Zealand. Den noverande organisasjonen blei skipa som ein Crown entity (statleg organisasjon) i 1995.[1]

Kanalar[endre | endre wikiteksten]

Hovudkanalen Radio New Zealand National når nesten kvar innbyggjar i New Zealand, og blir send døgnet rundt. Kanalen omfattar nyheiter, samfunns- og kulturstoff, medrekna drama og musikk. Hovudspråket er engelsk, men nokre av sendingane er på maori.[1]

Radio New Zealand International (RNZI) sender nyheiter og informasjon på kortbølgje i Sørstillehavet.[1]

Radio New Zealand News er ein rein nyheitskanal. Parliamentary Broadcasts sender frå møte i Det newzealandske parlamentet.[1]

Radio New Zealand Concert har rundt 85 % musikkinnhald, med hovudvekt på klassisk musikk i tillegg til jazz, samtids- og verdsmusikk.[1]

Alle kanalane er tilgjengelege på Internett.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]