Radio Tarifa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Radio Tarifa er ei spansk musikkgruppe frå Madrid. Gruppa spelar musikk som byggjer på musikktradisjonar frå ulike tider og plassar rundt Middelhavet. Namnet kjem frå Tarifa, den byen på det spanske fastlandet (og i Europa) som ligg lengst sør og nærast Afrika.

Dei nyttar tradisjonelle instrument, frå skilde tradisjonar, som darbouka, ney, oud, krummhorn, obo og den indiske tverrfløyta bansuri. Dei nyttar òg moderne instrument som elektrisk gitar og Hammondorgel. Stilmessig er dei spanske med innslag av flamenco, men går òg bakover til tida før 1492jødar og arabarar levde i Spania. Dei spelar hovudsakleg eigenkomponert musikk.

Gruppa blei grunnlagt på slutten av 80-talet av Faín Sánchez Dueñas, Benjamín Escoriza og Vincent Molino. Fleire andre musikarar og dansarar har vore innom, m.a. Gerardo Núñez, Rafael Jiménez og Joaquin Ruiz.

Gruppa er nominert til World Music Award i BBC.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 Rumba Argelina
  • 1996 Temporal
  • 2000 Cruzando el Río
  • 2003 Fiebre

Kjelde[endre | endre wikiteksten]