Radioactivity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om songen av Kraftwerk. For albumet av Kraftwerk, sjå Radio-Activity.
Radioactivity
Singel av Kraftwerk
frå albumet Radio-Activity
B-side

«Antenne» (Tyskland)
«Antenna» (UK)

Utgjeve 1976
Sjanger Elektronisk musikk, Krautrock
Lengd 3:18 (singel)
6:44 (album)
Selskap Kling Klang/EMI 1C 006 82119 (Tyskland)
Capitol CL15853 (UK)
Komponist Florian Schneider, Ralf Hütter, Emil Schult
Tekstforfattar Florian Schneider, Ralf Hütter, Emil Schult
Produsent Ralf Hütter, Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
«Autobahn»
(1975)
Radioactivity «Trans-Europe Express»
(1977)


«Radioactivity» (tysk tittel: «Radioaktivität») er ein song skriven av Ralf Hütter, Florian Schneider og Emil Schult, og spelt inn av det tyske electronicabandet Kraftwerk som tittelsporet på albumet Radio-Activity frå 1975.

Songen vart gjeven ut som singel i Europa og USA og gjekk heilt til topps på singellista i Frankrike. Han vart spelt inn for albumet The Mix i 1991.

«Radioactivity» har blitt spelt på konsertane til Kraftwerk sidan han kom ut. Under den første framføringa i 1976 prøvde bandet ut ei eksperimentell lysstråle-styrt «perkusjonsbur», der Wolfgang Flür prøvde å utløyse elektroniske trommelydar ved å bryte lysstrålane med armrørsler. Systemet var derimot ikkje til å lite på og feila ofte.

Den originale innspelinga bestod av ein pågåande basslinje på ein Minimoog (spelar åttandedelsnotar), med akkordar spelt med den særeigne «kor»-disken på ein Vako Orchestron. Morsekodesignal som stavar «R-A-D-I-O-A-C-T-V-I-T-Y» vert òg nytta nær byrjinga av songen.

Teksten på versjonen i 1975 spelar på tydinga av tittelen, med linja «Discovered by Madame Curie» side om side med «Tune in to the melody». Medan originalen ikkje tek stilling til om radioaktivitet er trygt eller ikkje, droppar 1991-versjonen alle referansar til radio og teksten har heller eit antiatomvåpen/atomenergi-tema, der den gjentakande tekstlinja er «stop radioactivity» med referansar til å forureine folkesetnader og Tsjernobyl, Harrisburg, Sellafield og Hiroshima. Bandet spelte songen på «Stop Sellafield»-konserten i 1992. Songen vart miksa vidare for ei ny singelutgjeving av William Orbit og François Kevorkian. I 2012 spelte Kraftwerk ein ny remix av songen under No Nukes 2012 i Japan. Til minne om katastrofen ved Fukushima Daiichi atomkraftverk song dei songen på japansk, med tekstendringa «Tsjernobyl, Harrisburg, Sellafield, Fukushima».[1]

Songen er nytta i filmane Berlin Alexanderplatz i 1980 og Into Eternity i 2010.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
Frankrike SNEP 1
Liste (1991) Plassering
UK Singles Chart 43
U.S. Billboard Hot Dance Club Play 21

Fatboy Slim-versjon[endre | endre wikiteksten]

Radioactivity
Singel av Fatboy Slim
frå albumet Late Night Tales: Fatboy Slim
A-side

«Radioactivity»

B-side

«Everything Is Everything»

Utgjeve 8. oktober 2007
Sjanger Big Beat, electro
Lengd 3:01
Selskap Azuli
Komponist Florian Schneider, Ralf Hütter, Emil Schult
Tekstforfattar Florian Schneider, Ralf Hütter, Emil Schult
Låtskrivar(ar) Kraftwerk
Produsent Fatboy Slim og Simon Thornton
Fatboy Slim-kronologi 
«Champion Sound»
(2006)
Radioactivity


Fatboy Slim spelte «Radioactivity» for samlealbumet hans Late Night Tales: Fatboy Slim. Songen vart gjeven ut som ein avgrensa singel.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Radioactivity» - Fatboy Slim
  2. «Everything Is Everything» - Bootsy Collins

Kjelder[endre | endre wikiteksten]