Radiofyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit radiofyr er ein rundstrålande radiosendar med framhaldande sending av eit bestemt signal. Det er hjelpemiddel i navigasjon for fartøy og fly. Desse har instrument om bord som identifiserer fyret og som les av retninga mot fyret.

Ulike typar av radiofyr[endre | endre wikiteksten]

NDB, RC[endre | endre wikiteksten]

Eit rundstrålande ikkje-retningsgjevande radiofyr sender same signal i alle retningar for at fly og fartøy sjølv skal peile retninga mot fyret. Om mottakaren kan peile to eller fleire fyr på kjende posisjonar vil han enkelt bestemme posisjonen som skjeringspunktet mellom stadlinjene mot dei ulike fyra. Ikkje-retningsgjevande radiofyr for luftfart vert kalla NDB - Non-Directional radio Beaconengelsk. Sendarar for skipsfart vart kalla RC - Circular Radio beacon, men er no ute av bruk. Også andre typar radiosendarar på kjende posisjonar kan utnyttast for peiling.

Retningsgjevande radiofyr[endre | endre wikiteksten]

Eit retningsgjevande radiofyr har som oppgåve å gje informasjon om ei kjend retning frå fyret. Fyret er utstyrt med to retta sendarantenner som skifter mellom å sende på antennene i ein rytme. Ein mottakar i ein posisjon presis midt mellom dei to retningar for utstråling vil ta imot begge signal med same styrke og oppfattar då berre eit jamt signal. Men allereie med små fråvik frå denne midtlinja vil eit av dei to signala ha størst styrke og dermed gje melding om kva retning fartøyet skal styre for å komme nøyaktig på kurs frå eller mot fyret. Retningsgjevande radiofyr for skipsfart Directed Radio beacon, er ikkje i bruk lenger, men teknikken er ein del av instrumentlandingssystem for fly og har historisk vore i bruk i fredstid for å markere luftlei og for å markere bombemål i krig.

Roterande radiofyr[endre | endre wikiteksten]

Eit roterande radiofyr sender ut eit signal som sveiper rundt horisonten. Mottakaren vil oppfatte signalet på eit tidspunkt som vil avhenge av retninga han har mot fyret. Fyret sender òg ut eit signal nummer to som gjev informasjon om kva tid det første signalet passerer nordretninga. Ut frå desse to opplysningane er mottakaren i stand til å rekne ut sin eigen peilingsretning mot fyret.

Hyperbelnavigeringsfyr[endre | endre wikiteksten]

Eit hyperbelnavigeringsfyr inngår i ei gruppe fyr som sender synkroniserte signal. Mottakaren måler skilnadene i tid mellom signala frå dei ulike fyra i gruppa og kan ut frå det rekne ut posisjonen i forhold til fyra. Stader med same skilnad i avstand til to fyr vil ligge på ei hyperbellinje, noko som har gjeve namnet til denne typen fyr. Teknikken liknar den som ligg bak satellittnavigeringssystem som til dømes GPS. Blant hyperbelnavigeringssystema kan ein nemne Decca for kystnær navigasjon, Loran-C for større havområde og Omega for global posisjonsavgjersle. Alle desse systema har tapt eller er i ferd med å tape i konkurransen frå navigasjonssystem som er basert på signal frå satellittar.

RACON[endre | endre wikiteksten]

Eit svarande radarfyr er eit fyr som svarar på radarpulsar med eit identifiseringssignal. Eit RACON er eit svarande radiofyr for sjøfart. Når skipet sin radar treffer eit RACON-fyr vil fyret umiddelbart returnere eit ekko. På radarskjermen kan dette visualiserast som ein prikk for posisjonen for fyret med ein kode som identifiserer fyret.