Radiografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radiolog/Skildrande radiograf

Radiografi er læra om å avbilde anatomien og fysiologien til mennesket. Ein radiograf er ein person som utøver faget radiografi. Radiografen tar bilete ved hjelp av røntgen, isotopar, ultralyd eller magnetresonanstomografi. Bilete som blir teke vert nytta av radiologar eller skildrande radiografar til å stille diagnose og vurdere behandlingsmåte.

Autorisasjon[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjev autorisasjon for radiografar, lege og anna helsepersonell. Radiografar må kunne dokumentere den offentlege godkjenninga si som helsepersonell for å kunne jobbe i Noreg. Radiografar er underlagt helsepersonellova.

For radiografar er det to normalsituasjonar for søknad om lisens eller autorisasjon:

  • Autorisasjon. Autorisasjon vert gjeve til søkarar som har bestått utdanning som radiograf. Vilkåra for autorisasjon går fram av helsepersonellova § 48.
  • Lisens. Lisens er eit løyve til å jobbe som radiograf, men på visse vilkår. Ein lisens kan vere avgrensa i tid, til stad, til særskilde oppgåver og meir, og kan berre blir gjeven etter ein konkret vurdering der ein finn det godtgjort at lisensinnehavaren kan utøve yrket forsvarleg. Typisk nytta ein lisens overfor utanlandske radiografar som ikkje har tilsvarande grunnutdanning som norske radiografar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Røntgen brukes blant annet for å identifisere beinbrudd.

I Noreg blir det tilbode utdanning innan radiografi ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Høgskulen i Gjøvik, Høgskulen i Sør-Trønderlag, Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Buskerud og Universitetet i Tromsø. Utdanninga er normert på tre år, og fører fram til den akademiske grada Bachelor i radiografi.

Opptakskravet er generell studiekompetanse. Utdanninga inneheld både teori og praksis. Fag som fysikk, anatomi og generelle helsefag er viktige basisfag i utdanninga. Vidare er naturvitskaplege emne, radiografisk avbilding og handsaming viktige fag.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

W.C. Roentgen

Grunnlaget for det som seinare skulle bli radiografyrket vart lagt 8. november 1895 då Wilhelm Conrad Röntgen oppdaga strålane som seinare fekk namnet hans. Denne oppdaginga gjorde det usynlege synleg ved blant anna å opne for tilgjenge til det indre av menneskekroppen utan å måtte gå vegen om kirurgiske inngrep eller obduksjon.

Det første røntgenbiletet i Noreg vart teke i februar 1896. Det første sjukehuset i Noreg som skaffa seg røntgenapparat var Diakonisse-anstaltens Sygehus i Oslo i september 1897.

Radiografien vart i denne tidlege fasen sett på som den tekniske utøvinga av radiologien, og vart den første tida utført av ufaglært hjelpepersonell.

Utviklinga av apparaturen medførde auke i bruksområde og arbeidsmengd, og det vart trong for spesialistar. På denne tida vart mange av oppgåvene overteke av sjukepleiarar, og røntgensjukepleie vart etter kvart ein spesialitet innan sjukepleiefaget. Utviklinga innan teknologi, farmasi og medisin medførde eit ytterlegare behov for kvalifisert personell til røntgenavdelingane. Den første utdanninga av radiografar i Noreg vart oppretta i Oslo i 1969 på Oslo Kommunale Røntgenografskole. Her i landet vart yrkestittelen røntgenograf i 1974 erstatta med nemninga radiograf og omfatta i den offentlege godkjenningsordninga for helsepersonell.

Radiografi er eit internasjonalt fag, og det blir arbeidt for at utdanningane både innan Europa og på verdsbasis kan nærme seg kvarandre med omsyn til fagleg nivå og innhald.

Radiografifaget omfattar kunnskap om medisinsk diagnostisk utreiing og handsaming som baserer seg på biletdiagnostisk utstyr (radiologien- til intervensjon), og dessutan kunnskap om strålebehandling og nukleærmedisinsk undersøking og handsaming.

Høgt kunnskapsnivå innan medisinsk nytte av strålar og strålevern er ein føresetnad. Radiografifaget omfattar òg kunnskap om omsut, både som eit verdiforankra, teoretisk og praktisk, dugleiksmessig omgrep.

Spesialitetar[endre | endre wikiteksten]

Radiografifaget er omfamnande og spesialisert. Ikkje alle radiografar blir spesialisert, men det blir meir vanleg.

Intervensjon

I Noreg har ein følgjande spesialitetar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]