Radka Toneff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radka Toneff

Radka Toneff live 1982 i Bergen.
Fødd25. juni 1952
FødestadOslo
Død21. oktober 1982 (30 år)
DødsstadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1971–1982
Sjangerjazz
Instrumentvokal
PlateselskapEmArcy
Verka somsongar, jazzmusikar, plateartist
PrisarSpellemannprisen for årets popsolist, Buddyprisen, Spellemannprisen i jazz, Rockheim Hall of Fame

Radka Toneff (25. juni 195221. oktober 1982) var ein norsk jazzmusikar og komponist. Frå 1975 til 1980 var mellom anna Arild Andersen og Jon Eberson med i kvintetten Radka Toneff Quintet. I 1977 vann Radka Toneff Spellemannprisen i klassen vokalist for plata Winter Poem. I 1980 deltok ho i Melodi Grand Prix der ho framførte songen «Parken» av Ole Paus.

Under Spellemannprisen 1993 vann ho prisen i klassen jazz for Live in Hamburg, som vart utgjeven posthumt, 11 år etter at Toneff døydde.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Toneff vart fødd i Oslo som dotter av den bulgarske folkesongaren Toni Toneff og Lilly-Ann Drivenes.[1] Ho voks opp på Lambertseter i Oslo og på Kolbotn. Seint på 1960-talet blei ho del av musikkmiljøet rundt Club 7.[1]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Radka Toneffs Minnefond blei oppretta til minne om henne,[1] og står bak utdelinga av Radka Toneff Minnepris.

Toneff er minna i diktet «Der bjørketreet stod» av Jan Erik Vold.[1]

Plata Fairytales vart kåra til «tidenes norske plate» av 100 norske musikarar på oppdrag fra Morgenbladet (2011).[2][3]

Plater[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Radka Toneff i Norsk biografisk leksikon
  2. «Elitens røst». morgenbladet.no (på norsk bokmål). 10. november 2011. Henta 25. juli 2018. 
  3. «Morgenbladet topp 100». morgenbladet.no (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 25. juli 2018. Henta 25. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]