Radovnadalen

Koordinatar: 46°26′21″N 13°54′2″E / 46.43917°N 13.90056°E / 46.43917; 13.90056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radovnadalen

Radovnadalen (slovensk Dolina Radovne) er ein fjelldal i Dei juliske Alpane i regionen Gorenjska i Slovenia.

Radvonaelva, som vert danna av fleire små elvar frå bredalane Krma og Kot, renn gjennom han.

Han er omgjeven av dei nordlege delane av Pokljuka-platået, foten av Triglavfjella og den høgaste toppen på Mežaklaplatået, Jerebikovec (1593 moh). Han har vegtilkomst via Kosmačpasset i nord til den nærliggande Mojstrana og ein annan veg fører ned dalen til Bled.

Store grassletter i dalen vert nytta som beitemarker for kyr. Her finst òg mange feriebustader gjennom dalen.

Den største busetnaden i dalen er Zgornja Radovna med eit av dei eldste tradisjonelle gardshusa i Triglav nasjonalpark. Huset har årstalet 1775 gravert inn i ein av bjelkane og eit skriftleg dokument frå 1672.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

46°26′21″N 13°54′2″E / 46.43917°N 13.90056°E / 46.43917; 13.90056