Rafael

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett

Raffaello Santi, betre kjent som Rafael (6. april 14836. april 1520), var ein målar og arkitekt under den italienske renessansen. Han blei òg kalla Raffaello Sanzio, Raffaello de Urbino og Rafael Sanzio de Urbino.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Livet hans blir omtalt i Giorgio Vasari si Vite. Han blei fødd i Urbino og studerte under Perugino i Perugia. Etter å ha flytta til Firenze tok han snart i bruk same stilar som Leonardo da Vinci og Michelangelo.

Rafael er mest kjent for sine Madonna-måleri, heilage familiar og sine store freskoar i Vatikanet. Han blei i 1509 kalla til Roma for å måle pave Julius II sitt rom i Vatikanet. Truleg dei mest kjende verka hans, «Den atenske skulen» («La scuola di Atene») og «La Disputa del Sacramento», to store bogeforma freskar; den første av filosofane i antikken rundt Platon og Aristoteles, og den andre av kristne teologar flokka rundt Jesus.

Under pave Leo X blei han hovudarkitekt for Peterskyrkja, og i 1514 blei han ein slags sjef for den romerske arkeologien.

Han døydde på sin 37. bursdag i Roma (det blir sagt at dette berre var veker før Leo hadde tenkt å gjere han til kardinal). Kroppen hans låg ei stund i eitt av romma der han hadde demonstrert sin genialitet, og han blei æra med ei offentleg gravferd. Det siste verket hans, «Forklåringa», blei bore føre han under seremonien.

Han blei gravlagt i Pantheon, den mest prestisjefylte gravstaden i landet.

Måleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rafael

Kjelder[endre | endre wikiteksten]