Rafael Ferrer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rafael Ferrer (fødd i Valencia 1570, døydde i San José i Peru, 1611) var ein spansk jesuitt og oppdagar.

Ferrer vart medlem av jesuittordenen, og i 1593 vart sendt til Quito i Ecuador. I 1601 trengde han inn i territoriet til cofán-folket, ein stamme som var fiendtleg til det spanske styresettet. Etter tre år vart folk i fleire landsbyar påverka av kristendomen, og det omkringliggande landet vart opna for kolonistar.

På kommando frå visekongen av Quito, gjekk Ferrer inn blant stammane ved elva Napo. Han vart godt mottatt av indianarane, og på denne turen som varte i to og eit halvt år reiste han 5800 km inn i ukjente territorium og utforma ein skisse av Napo-bassenget, eit kart over landet han hadde utforska, og eit herbarium som han presenterte for visekongen. Han vart utnemnt til guvernør og magistrat for Cofán-territoriet, og fekk tittelen misjonsleiar for cofán.

Etter ein pause frå misjonstenesta, vende han seg i 1610 tilbake til dei få stammane av cofán-folket som enno ikkje var påverka. Han møtte døden i hendene på ein av stammeleiarane, som han hadde tvinga til å forlate det polygamiske levesettet.

Forutan utgjevinga av "Arte de la Lengua Cofana", omsette Ferrer katekismen og utvalde delar frå evangelia til cofán-språket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]