Rafsbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rafsbotn
Geografi
Kommune Alta
Fylke Finnmark
Folkemengd[1] 428 (2012)
Folketettleik 750,9 /km²
Areal[1] 0,57 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E6
Postnummer 9517 ALTA
Preposisjon i Rafsbotn
Kart
Rafsbotn is located in Finnmark
70°1′9″N 23°31′18″EKoordinatar: 70°1′9″N 23°31′18″E

Rafsbotn er ein tettstad i Alta kommune i Finnmark. Staden ligg om lag 12 km nordaustom Alta sentrum, ved Altafjorden. E6 går gjennom bygda. Ordet rafsbotn kjem frå det samiske ordet reašši som tyder 'den lange grunna i fjorden der' og vuotna som tyder 'fjord'. På samisk heiter også plassen Reašvuotna, 'Langgrunnfjorden'.

Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på staden. Rafsbotn IL er heimehøyrande der, og bygda har fotballbane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.