Ragged Glory
| Ragged Glory Studioalbum av Neil Young & Crazy Horse |
||
| Utgjeve | 10. september 1990 | |
| Innspelt | april 1990 i Plywood Digital i Woodside i California (bortsett frå «Mother Earth»: The Hoosier Dome) | |
| Sjanger | Rock, hardrock | |
| Lengd | 62:43 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Neil Young og David Briggs | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young-kronologi | ||
| Freedom (1989) |
Ragged Glory | Weld (1991) |
Ragged Glory er eit album av Neil Young og Crazy Horse frå 1990. Albumet nådde 31. plass på den amerikanske albumlista.
Albumet har ein liknande hardrockstil som Young spelte med Crazy Horse på Everybody Knows This Is Nowhere og Zuma. Den dominerande lyden på albumet var den støyande gitaren til YOung, medan Crazy Horse heldt songane i eit livleg tempo. Trass i volumet er songane i følgje Allmusic fengande med sterke melodiar og gode refreng.[1] Dei første to songane er songar som Young og Crazy Horse opphavleg skreiv og spelte i 1970-åra og «Country Home» vart mellom anna spelt på turneen deira i 1976. «Farmer John» er ein coverversjon av ein 60-talslåt, skriven og framført av R&B-duoen Don and Dewey og garagebandet The Premiers. Young innrømde at songen «Days that Used to Be» er inspirert av Bob Dylan sin «My Back Pages».[2] Songen «Mother Earth (Natural Anthem)» er folkesongen «The Water is Wide» med ny tekst om miljøvern. Albumet inneheld mange lange gitarsoloar og to songar er meir enn ti minuttar lange, og heile plata varer over ein time med berre ti songar.
«F*!#in' Up» vart ofte spelt av Pearl Jam live.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Country Home» | 7:05 |
| 2. | «White Line» | 2:57 |
| 3. | «F*!#in' Up [3]» | 5:54 |
| 4. | «Over and Over» | 8:28 |
| 5. | «Love to Burn» | 10:00 |
| 6. | «Farmer John» (Don Harris, Dewey Terry) | 4:14 |
| 7. | «Mansion on the Hill» | 4:48 |
| 8. | «Days That Used to Be» | 3:42 |
| 9. | «Love and Only Love» | 10:18 |
| 10. | «Mother Earth (Natural Anthem)» | 5:11 |
Medverkande [endre]
- Neil Young - gitar, vokal
- Frank Sampedro - gitar, vokal
- Billy Talbot - bassgitar, vokal
- Ralph Molina - trommer, vokal
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ragged Glory» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ragged Glory på Allmusic
- ↑ Intervju i Toronto Star 2003
- ↑ Den offisielle tittelen på songen. På sjølve plata står det «Fuckin' Up».