Ragnar Frisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragnar Anton Kittil Frisch (3. mars 189531. januar 1973) var ein nyskapande norsk økonom.

Frisch vart fødd i Oslo, og kom frå ei gamal slekt av gull- og sølvsmedar, og såg ingen grunn til å bryta familietradisjonen. Han gjekk i lære i gullsmedforretninga David Andersen, men i samråd med mora tok han også opp eit studium i økonomi ved Universitetet i Oslo (fordi dette faget var det kortaste og lettaste, i følgje Frisch). Studiet gav meirsmak.

Etter eksamen i 1919 drog Frisch ut i Europa og USA for å verkeleg læra seg økonomi og matematikk. Han tok doktorgrada i matematisk statistikk i 1925, vart universitetslektor, dosent og til slutt professor ved Universitetet i Oslo. Finansiert av Rockefeller grunnla han Institutt for Økonomi i 1932 og blei den første forskingsdirektøren der.

Frisch fekk fleire æresdoktorat og prisar. Dei to største var den italienske Antonio Feltrinelli-prisen og Nobelprisen i økonomi, som han fekk i 1961 og 1969. Han bidrog med mange nye tankar og termar innan økonomifaget, mellom anna ordet økonometri (av fransk économétrie) som han brukte første gong i sin artikkel "Sur un problème d’économie pure" (1926). Frisch var sein av grunnleggjarane av Economic Society og redaktør av Econometrica meir enn 22 år.

Ragnar Frisch gifta seg to gonger, med Marie Smedal i 1920 og Astrid Johannesen i 1953. Han var morfaren til Nadia Hasnaoui.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]