Ragnhild Ellingsdotter Villand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Ellingsdotter Villand
Fødd 1693
Død

1752 (59 år)

Ragnhild Ellingsdotter Villand (ca. 16931752) var ei norsk gardkjerring frå Hovet i Hol kommune. Ho var mor til dei åtte villandskarane og dotter av bygdehovdingen Elling Nilsson Villand.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild vart gift med Ola Tolleivson Uppsata, kjend som Blank-Ola, i 1716 og fekk fire søner med han. Den første, Tolleiv, vart fødd utanfor ekteskap i 1714, medan far hennar sat på Akershus festning. For dette vart ho og Ola dømd til å gifte seg. Sønene Ragnhild hadde med Blank-Ola var dei fire eldste villandskarane:

Lars Reinton skriv at Ragnhild nok var meir storvaksen enn andre kvende på den tid. Attåt sat ho som arving til ein av dei største og rikaste gardane i Hol, og ervde det meste av sølvet etter Blank-Ola, første mannen, som døydde i 1724. I 1729 gifte ho seg oppatt med Ola Larsson Fossgard, og han vart far til dei fire yngste villandskarane:

Rettssak[endre | endre wikiteksten]

I 1749 stemnde Ragnhild Ola Fossgard for retten, og saka avslørde at tilhøva for ekteparet ikkje var av dei beste. Vitneavhøyra avdekte at dei hadde kjekla meir enn godt var, og to av sønene. Ola og Svein, laut vitne i saka. Det kom òg fram at Ragnhild ikkje hadde vore grei mot første mannen sin.

Lars Reinton skriv om Ragnhild:

«Etter alt å døme var Ragnhild endåtil ei meir enn vanleg dugande kone. Ho hadde eit utstyr og eit husstell å stelle med som var større enn vanleg der uppe. Det viser bl.a. skiftet etter henne...I millom sakene hennar ved skiftet finn ein òg meir enn vanleg av husflitssaker, garn strie, smettebandgrind, ymse fargar til leting m. m. Gangklædutstyret hennar, som vart rekna upp i skiftet, var so uvanleg rikt, at det står heilt for seg sjølv millom skifta i øvre Hallingdal. I dei tider laga dei vel mest alt utstyret sitt sjølve på gardane. Ein kan då gå ut frå at Ragnhild hadde laga det meste sjølv.»

I januar 1752 laut Ragnhild roe ei trette mellom Tolleiv, eldste son av Blank-Ola, og OIa, eldste son av Ola Fossgard. Tolleiv truga bror sin med øks, men Ragnhild stilte seg mellom dei og stirde Tolleiv ned med orda "Akta du å drepa bror din, fær du fysst hogge te me!" Tolleiv slengde øksa i veggen, tok eit vedtre og skauv mor si ut døra "for å hemne sin harm", seier kjeldene. Ragnhild fall og braut hofta.

Ragnhild døydde hausten 1752, truleg etter skaden ho fekk i tretta med sonen Tolleiv. Saka med Ola Fossgard var heller ikkje løyst. Ola døydde halvåret etter, i februar 1753. Tolleiv kom på festningen for skadeverket sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]