Ragnhild Noer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragnhild Noer (fødd 1959) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Ho blei utnemnd til høgsterettsdommar 18. juni 2010, med tiltreden den 1. oktober 2010.[1].

Ragnhild Noer gjekk på Orkdal vidaregåande skole og gjennomførte juridisk embetseksamen i 1985. Ho var sakshandsamar i Justis- og politidepartementet si lovavdeling i to år frå 1985. Frå 1987 til 1989 var ho dommarfullmektig ved Lyngen sorenskrivarembete. Hausten 1989 blei ho amanuensis ved Institutt for rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Frå 1990 til 1991 arbeidde ho som programsekretær ved NRK Troms. Frå 1991 til 2005 arbeidde ho hos Regjeringsadvokaten, der ho i 1994 også fekk møterett for Høgsterett. Ho hadde permisjon frå Regjeringsadvokatembetet i perioden 1997 til 1998 for å arbeide som sekretær for Barnefordelingsprosessutvalet. I perioden 2001 til 2002 var ho seniorrådgjevar i Miljøverndepartementet. Frå hausten 2005 har ho vore lagdommar ved Borgarting lagmannsrett [2].

Ho har vore medforfattar til boka Prosessnøkkelen som har kome i ti utgåver sidan 1984.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]