Ragnhild Stolt-Nielsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ragnhild Stolt-Nielsen

Fødd16. april 1969 (55 år)
Haugesund kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, statsvitar
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
MorInger Stolt-Nielsen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • Bergens byrådsleder (2013–2014) Sjå dette på Wikidata

Ragnhild Stolt-Nielsen (fødd 16. april 1969) er ein norsk lokalpolitikar for Høgre i Bergen, opphavleg frå Haugesund. Ho er dotter til tidlegare stortingsrepresentant Inger Stolt-Nielsen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ragnhild Stolt-Nielsen har vore leiar av kontrollutvalet i Bergen bystyre 1999-2003 og nestleiar for Oppvekstkomitéens 2007-2011. Fra 24. januar 2011 har ho vore kommunalråd i Bergen kommune (leiar av Finanskomitéen) og Høgre sin gruppeleiar i bystyret. Ho er også styreleiar i Frøkenstiftelsen, og styremedlem i Bergen Reiselivslag og Bergen Vann KF. I tillegg har ho hatt mange ulike verv både i Bergen Høgre og Hordaland Høgre.[1]

Ragnhild Stolt-Nilsen er Hordaland Høgre sin 2. vararepresentant til Stortinget i perioden 2009-2013. Etter at Henning Warloe trekte seg frå alle verv grunna narkotikatiltalen mot han i mars 2012, vart Ragnhild Stolt-Nielsen vald til ny nestleiar i Hordaland Høgre.[2]

Ragnhild Stolt-Nielsen er gift og har tre born.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]