Ragtime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragtime er ein musikksjanger, som regel spelt på piano, som var spesielt populær mellom 1900 og 1918. Det er også ei danseform i 2/4 og 4/4 takt.

Dei tre største ragtimekomponistane var Joseph Lamb, James Scott og Scott Joplin.

Historia til ragtime byrjar med Scott Joplin. Joplin, også kjend som «The King of Ragtime» var den første som spelte ragtime. Han var likevel ikkje den første som spelte inn musikken. I 1885 spelte Ben Harney inn songen «You've Been a Good Old Wagon». Den første instrumentale ragtimen vart spelt inn av William Krell; «Mississippi Rag» i januar 1897. Mot slutten av 1897 vart Tom Turpin sin «Harlem Rag» den første som vart publisert. Joplin hadde på denne tida allereie spelt inn marsj- og valsesangar. Hans første rag-innspeling, «Original Rag», kom likevel ikkje før 1899. Scott Joplin fekk sitt store gjennombrot med «Maple Leaf Rag» i 1899.

Ragtimen stammar delvis frå marsjen, men dei musikalske røtene er også bunde til plantasjelivet. Dansen og musikken «cakewalk» var ein nær foreløpar. I denne dansen opptredde par i ei etteraping av europeiske dansetradisjonar ispedd afrikanske dansetrinn. Det beste paret vart belønna med ei kake eller ein kakebit.

Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.