Ragusa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ragusa er òg det tidlegare namnet på Dubrovnik.
Ragusa
Ragusa Ibla.jpg
Byvåpenet til Ragusa
Byvåpenet til Ragusa


Plassering
Ragusa is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Ragusa
Borgarmeister Di Pasquale
Geografi
Flatevidd
 - By

442,37 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

71 765
  155/km²
Koordinatar 36°56′″N 14°45′″EKoordinatar: 36°56′″N 14°45′″E
Høgd over havet 520 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 97100
Telefon-retningsnummer 0932
Nettstad: www.comune.ragusa.it

Ragusa (siciliansk Raùsa) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Ragusa i regionen Sicilia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han er bygd på ein vid kalksteinsås mellom dei to djupe dalane, Cava San Leonardo og Cava Santa Domenica.

Hovudnæringa til dei omliggande områda er hovudsakleg basert på jordbruk (hagebruk, oliven), turisme lett industri og mindre oljefelt. I lag med sju andre byar i Val di Noto er han ført opp på UNESCO si verdsarvliste.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Ragusa kan sporast tilbake til 1000-talet fvt. då området var busett av sicelar.

I antikken låg byen på ein 300 meter høg ås og var i kontakt med dei nærliggande greske koloniane, mykje på grunn av den nærliggande hamna Camerina. Etter ein kort periode under Kartago, vart han styrt av romarane og austromarane. Austromarane bygde festningsverk og ei stor borg i byen. Ragusa vart erobra av arabarar i 848 og dei styrte her fram til slutten av 1000-talet då normannarane tok over. Han var då sete i eit grevskap og den første greven var Godfred, son til Roger I av Sicilia.

Skjerseldsjelene si kyrkje, ei av dei mange barokkbyggverka bygd etter jordskjelvet i 1693.

Ragusa kom så inn under Kongedømet Sicilia, som vart oppretta på første halvdel av 1100-talet. Han var eit len under familien Chiaramonte og var hovudstad i grevskapet etter samanslåinga med Modica i 1296.I 1693 vart byen øydelagd av eit kraftig jordskjelv, som tok livet av 5 000 innbyggjarar. Etter denne katastrofen vart byen bygd opp att. Mange av innbyggjarane flytta til ein ny busetnad som fekk namnet Ragusa Superiore («Høg Ragusa»), medan den gamle byen vart kalla Ragusa Inferiore (Låg Ragusa). Dei to byane var fråskilde fram til 1926, då dei vart slått saman til provinshovudstad 1927 i staden for Modica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ragusa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]