Rahsaan Roland Kirk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Roland Kirk i Hamburg
Foto: Heinrich Klaffs, 1992
Roland Kirk i Ronnie Scott’s Club

Rahsaan Roland Kirk (døypt Ronald Theodore Kirk) (7. august 19365. desember 1977)[1] var ein amerikansk jazz multi-instrumentalist som mellom anna spelte tenorsaksofon, fløyte og ei mengd andre instrument.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kirk, som blei blind i toårsalderen, var yrkesmusikar frå 1951, mellom anna som sidemann hos Charles Mingus, Gil Evans, Quincy Jones og i 1962 i Roy Haynes Quartett (Out of the Afternoon). Frå starten av 1960-åra arbeidde han stort sett med eigne grupper som Vibration Society. Tilnamnet «Rahsaan» tok han i slutten av 1960-åra.

Hovudinstrumenta var tenorsaksofon og to historiske variantar av saksofonen, nemleg manzello (eigentleg ein ombygd king-saxello) og stritch (eigentleg ein rett buescher-ess-altsaksofon utstyrt med ekstraklaffar for eihandspelet hans og med forstørra sjallstykke). Desse tre spelte han ofte til same tid. Han var kjent for at han med hjelp av sirkulæranding kunne halde ein tone utan stans i (til dømes Saxophone Concerto på album Prepare Thyself to Deal with a Miracle). Han spelte òg tverrfløyte, elektrisk kalimba, munnspel, engelsk horn, kazoo, nasefløyte og melodika. Elles nynna han ofte ei andrestemme mens han spelte på eit blåseinstrument.

Musikken hans er særmerkt ved at det er ei saumlaus og tilsynelatande eigen forbinding mellom både tradisjonell og svært moderne spelemåtar innan jazzen, som soul jazz, boogie-woogie og frijazz.

Trass i at han var halvsidig lama etter eit slaganfall på slutten av året 1975, opptredde han igjen i 1976, mellom anna med Charles Mingus og Gil Evans og spelte da berre med venstre hand. Han døydde etter eit andre slaganfall i 1977, berre 41 år gamal.

Ein av hans mest kjente komposisjonar er Serenade to a Cuckoo, som Jethro Tull hadde som coverlåt på det første albumet sitt, This Was. Han spelte inn meir enn 15 album med produsenten Joel Dorn.

Kirk i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kirk var i Noreg i 1967 og 1970. Leiar Per Ottersen i Kongsberg Jazzfestival kalla han ein altmuligmann i jazzen, i stand til å spille tre blåseinstrumenter samtidig.[2] I 1967 hadde han med seg pianisten Ron Burton,[3] elles spelte Alex Riel trommer og Niels-Henning Ørsted Pedersen bass. Konserten gjekk føre seg i Kongsberg kino med 600 tilhøyrar og opptak er å høyre på albumet Jazz Icons: Roland Kirk live in '63 and '67 (2008). Etter konserten jamma Kirk på Bykroa saman med Karl Otto Hoff og Per Borthens swingdepartement.[4]

Nokre veker seinare var han ved Moldejazz med kvartetten sin, der Roman Dylag erstatta Ørsted Pedersen på bass.[5]

18. februar 1970 spelte han i Universitetets Aula med kvintetten sin, Vibration Society, som inneheldt Dick Griffin på trombone, Ron Burton på piano, bassisten Vernon Martin og trommeslagaren Harold White.

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Triple Threat (King Records, 1956)
  • Introducing Roland Kirk (Argo Records, 1960)
  • Kirk’s Work (Prestige Records, 1961 , med Jack McDuff)
  • We Free Kings (Mercury Records, 1961 - med Richard Wyands)
  • Domino (Mercury Records, 1962)
  • Reeds & Deeds (Mercury Records, 1963)
  • Kirk in Copenhagen (Mercury Records, 1963)
  • Roland Kirk Meets the Benny Golson Orchestra (Mercury Records, 1964)
  • I Talk with the Spirits ((Mercury Records, 1964, Kirk konsentrerte seg om fløyte)
  • Gifts and Messages (Mercury Records, 1964)
  • Rip, Rig and Panic (Limelight Records, 1965
  • Here Comes the Whistleman (Atlantic Records, 1965, live)
  • Slightly Latin (Limelight Records, 1965)
  • Now Please Don’t You Cry, Beautiful Edith (Verve Records, 1967)
  • The Inflated Tear (Atlantic Records, 1967)
  • Left and Right (Atlantic Records, 1968)
  • Volunteered Slavery (Atlantic Records, 1968)
  • Rahsaan Rahsaan (Atlantic Records, 1970)
  • The Art of Rahsaan Roland Kirk (Atlantic Records, 1970-71)
  • Natural Black Inventions: Root Strata (Atlantic Records, 1971)
  • Blacknuss (Atlantic Records, 1971)
  • A Meeting of the Times (Atlantic Records, 1972 med Al Hibbler)
  • Prepare Thyself to Deal With a Miracle (Atlantic Records, 1973)
  • Bright Moments (Atlantic Records, 1973 - live Keystone Corner, San Francisco)
  • The Case of the 3 Sided Dream in Audio Color - med Richard Tee, Steve Gadd og Hugh McCracken (Atlantic Records, 1975)
  • Kirkatron (Warner, 1975)
  • Other Folks' Music (Atlantic Records, 1976)
  • The Return of the 5000 Lb. Man (Warner, 1976)
  • Boogie-Woogie String Along for Real (Warner 1977)
  • Brotherman in the Fatherland (Hyena Records 2006) - liveopptak i Tyskland, 1972.

Samleutgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Rahsaan: The Complete Mercury Recordings Of Roland Kirk (10 CDs)
  • Does Your House Have Lions: The Rahsaan Roland Kirk Anthology
  • Simmer, Reduce, Garnish & Serve - samling med dei tre siste albuma

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisiell Roland Kirk webside
  2. Odd Einar Andersen (12.6.1967). ««Trollmannen» Roland Kirk trekkplaster i Kongsberg». VG. 
  3. «Roland Kirk - underveis med jetfly fra New York». 27.6.1967. 
  4. SAM (3.7.1967). «Roland Kirk forsvant for å spille swing-jazz». VG. 
  5. Toril Grande (9.8.1967). «Memphis Slim og Roland Kirk best». VG. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

  • Kruth, John: Bright Moments. The Life and Legacy of Rahsaan Roland Kirk. Welcome Rain Publishers, New York 2000 ISBN 1-56649-105-3

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Roland Kirk på scena i Hamburg (1972).

Foto: Heinrich Klaffs