Raidet mot Cherbourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raidet mot Cherbourg
Del av sjuårskrigen
Dato 7. august 1758 - 16. august 1758
Stad Cherbourg i Frankrike
Resultat Britisk siger.
Partar
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia Pavillon royal de France.svg Frankrike
Kommandantar
Det britiske flagget Thomas Bligh
Det britiske flagget Richard Howe
Styrkar
3000
Tap
Små tap Små tap

Raidet mot Cherbourg fann stad i august 1758 under sjuårskrigen då ein britisk styrke gjekk i land på kysten av Frankrike ved hjelp av Royal Navy for å angripe byen Cherbourg som eit ledd av dei britiske styresmaktene sine planar om å ta franskekysten.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det hadde lenge vore politikken til den britiske styresmakta å nytte den sterke marinen sin til å utføre raid langs franskekysten for å trekkje merksemda og ressursane til franskmennene bort frå Tyskland, der dei britiske allierte Preussen, Hannover og Braunschweig var under kraftig press. I 1758 bad hertugen av Braunschweig britane om å setje denne politikken til verks etter at den allierte styrken hans vart pressa bakover. Ein stor marine- og militærstyrke vart samla sør i England under admiral George Anson.

Raidet[endre | endre wikiteksten]

Dei britiske styrkane vart kommandert av generalløytnant Thomas Bligh med Richard Howe som marinekommandant.[1] Dei segla langs kysten av Normandie og truga fleire hamnebyar, før dei kom til Cherbourg den 7 august. Tilhøva var gode og dei kom seg trygt i land. Så snart dei var i land fjerna dei den vesle franske styrken som forsvarte Cherbourg og erobra byen. Dei øydela festningsverka og hamna. Den 16. august forlet britane Cherbourg og etter nøyaktig ei veke.[2]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Toktet var oppmuntrande for britane. Planen hadde vore eit av favorittprosjekta til William Pitt og han planla fleire raid langs franskekysten. I september 1759 prøvde Bligh å erobre St. Malo, men vêret gjorde at han berre klarte å setje i land delar av styrken, som raskt møtte ein langt sterkare fransk styrke. Bligh prøvde å trekkje seg attende til skipa sine, som han til slutt klarte etter store tap i slaget ved Saint Cast. Dette førte til at britane stoppa desse raida og sette heller inn stykane i Tyskland.[3]

Trass i dette hadde raida vore ein suksess fordi dei svekka den franske moralen og overbeviste dei om at sjølv det franske fastlandet var sårbare for den overlegne britiske marinen. Som svar til dette planla franskmennene ein stor invasjon av Storbritannia i 1759, men planane vart skrinlagde etter tap til havs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Raid on Cherbourg» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Rodger, N. A. M. The Command of the Ocean: A Naval History of Britain, 1649-1815.
    • Simms, Brendan. Three Victories and a Defeat: The Rise og Fall of the First British Empire. Penguin Books (2008)
    • West, Fred. Crucible of War: The Seven Years' War and the Fate of Empire in British North America, 1754-1766. Faber & Faber, 2001
  1. West s.303
  2. Rodger s.270
  3. West s. 303-04