Raidet på Grand Pré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raidet på Grand Pré
Del av Dronning Anne-krigen
Colonel Benjamin Church.jpg
Oberst Benjamin Church, opphavet til det amerikanske army ranger[1]
Dato 3. - 5. juli 1704
Stad Grand Pré i Acadia (dagens Nova Scotia)
Resultat Ny-England sigra
Partar
Mi'kmaq
acadiar
Flagget til England Engelske Ny-England-kolonistar
Kommandantar
ukjend Benjamin Church
Styrkar
ukjend 500 frivillige frå Ny-England og indianararkrigarar
Tap
om lag 6 drepne, ukjend skadde[2]
45 fanga
6 drepne, ukjend skadde[2]

Raidet på Grand Pré var den største hendinga under ein ekspedisjon leia av oberst Benjamin Church frå Ny-England mot franske Acadia i juni 1704 under Dronning Anne-krigen. Ekspedisjonen var eit hemntokt for det franske og indianske raidet mot grensesamfunnet Deerfield i Massachusetts tidlegare det året.

Dei la ut frå Boston den 25. mai 1704 med 500 militssoldatar frå provinsen og nokre indianske allierte. Ekspedisjonen nådde Minas Basin den 24. juni, etter å ha raida nokre mindre busetnader i Penobscot Bay og Passamaquoddy Bay. Sjølv om han mista overraskingsmomentet på grunn av det høge tidvatnet i Bay of Fundy, fekk Church raskt kontroll over Grand Pré, og brukte tre dagar på å øydeleggje byen, samt prøve å øydeleggje dike som verna den oppdyrka jorda. Saltvatnet strøymde inn over jordbruksmarkene, men dei lokale acadiarane var raske med å reparere dika så snart fienden var borte, og landet kunne nyttast vidare til jordbruk. Church heldt fram ekspedisjonen sin og slo til mot Beaubassin og andre samfunn før han vendte attende til Boston seint i juli.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grenier, s. 35
  2. 2,0 2,1 Griffiths, s. 208

Koordinatar: 45°6′18.14″N 64°17′55.26″W