Raidet på Newfoundland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raidet på Newfoundland
Del av Dronning Anne-krigen
Newfoundland1744.jpg
Utdrag frå kart frå 1744 som syner det søraustlege Newfoundland
Dato August – oktober 1702
Stad Newfoundland
Resultat Engelsk siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Flag of England.svg England
Kommandantar
Sébastien Le Gouès, Sieur de Sourdeval
Philippe Pastour de Costebelle
John Leake

Raidet på Newfoundland var eit tokt leia av engelske kaptein John Leake mellom august og oktober 1702 med dei franske kolonibusetnadane på øyane Newfoundland og Saint Pierre som mål. Raidet skjedde i starten av Dronning Anne-krigen, som den nordamerikanske krigsskodeplassen av den spanske arvefølgjekrigen stundom vert kalla.

Flåten til Leake gjekk mot dei franske busetnadane på sørkysten av Newfoundland, øydela fiskevær og anna infrastruktur. Dei kapra fiske- og handelsskip, og øydela det meste av busetnaden på Saint Pierre. Før han vendte attende til England, tok Leake fleire skip frå ein fransk handelskonvoi på veg mot Europa. Meir enn 50 skip vart kapra totalt, og seks periodiske busetnadane vart øydelagde. Den sterkt befesta franske basen i Plaisance vart ikkje angripen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 47°5′14″ N 54°40′11″ W