Rainbow Bridge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rainbow Bridge
Studioalbum av Jimi Hendrix
Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1971
Innspelt 1968–1970 i TTG Studios, Record Plant Studios og Electric Lady Studios i New York City i New York og Berkeley Community Theatre, Berkeley, California
Sjanger Hardrock, psykedelisk rock, acidrock, bluesrock
Lengd 42:22
Selskap Reprise
Produsent Jimi Hendrix, Mitch Mitchell, Eddie Kramer, John Jansen
Kritikk
Jimi Hendrix-kronologi 
Experience
(1971)
Rainbow Bridge Isle of Wight
(1971)


Rainbow Bridge er det femte studioalbumet til Jimi Hendrix, gjeven ut i oktober og november 1971. Det var det andre albumet som kom ut etter Hendrix døydde og vart miksa og sett saman av Eddie Kramer, John Jansen og Mitch Mitchell. Det har aldri vorte gjeven ut på CD på denne forma.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Rainbow Bridge i lag med The Cry of Love utgjer mesteparten av songane som Hendrix hadde planar om å gje ut som det neste albumet sitt, eit dobbeltalbum kalla First Rays of the New Rising Sun. Alle songane var skrivne av Hendrix, bortsett frå «The Star-Spangled Banner», og spelte inn mellom 1969 og 1970, utanom «Look Over Yonder», som vart spelt inn i 1968. Albumet var det andre som produsent Kramer og Mitchell, med hjelp av Jansen, sette saman, og det vart igjen godt motteke. Det nådde 15. plass i USA og 16. plass i Storbritannia. «Dolly Dagger» vart gjevne ut som singel i USA, men nådde berre 74. plass. Fire songar frå Rainbow Bridge finst på samlinga First Rays of the New Rising Sun frå 1997. To andre songar finst på South Saturn Delta frå 1997.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Dolly Dagger»4:45
2.«Earth Blues»4:20
3.«Pali Gap»5:05
4.«Room Full of Mirrors»3:17
5.«Star Spangled Banner» (Francis Scott Key, John Stafford Smith, arr. Hendrix) (studioversjon)4:07
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Look Over Yonder»3:28
2.«Hear My Train a Comin'»11:15
3.«Hey Baby (New Rising Sun)»6:05

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]