Raipaskomplekset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Raipasgruppa)

Raipaskomplekset, tidlegare kalla Raipasformasjonen, er ei gruppe omdanna sandsteinar, leirskiferar og lavabergartar frå prekambrium, for kring 1800 millionar år sidan. Nokre av dei eldste fossila i Europa er funne her i form av stromatolittar.

Den øvre eininga inneheld mykje dolomittstein. Han finst dels i nokre isolerte område (vindauge) i Kvænangen, Alta og Repparfjorden, og dels i indre Finnmark, omkring Masi og frå botnen av Porsangerfjorden til Karasjok. I det nedre delen er det fleire store, men uregelmessige og fattige koparførekomstar. Dei viktigaste er Kåfjord i Alta, Repparfjord og Bidjovagge.

Komplekset er kalla opp etter Lille-Raipas i Alta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raipaskomplekset. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.