Raising Sand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raising Sand
Studioalbum av Robert Plant og Alison Krauss
Utgjeve 23. oktober 23, 2007
Innspelt Sound Emporium i Nashville i Tennessee i USA;
Electro Magnetic Studios i Los Angeles i California;
The Village Recorder i Los Angeles i California;
Sage & Sound i Hollywood i California
Sjanger Americana, folkrock, countryrock, country
Lengd 57:13
Selskap Rounder
Produsent T-Bone Burnett
Kritikk
Robert Plant-kronologi
Mighty ReArranger
(2005)
Raising Sand Band of Joy (2010)
Alison Krauss-kronologi
Lonely Runs Both Ways
(2004)
Raising Sand Essential Alison Krauss
(2009)

Raising Sand er eit album av rockesongaren Robert Plant og bluegrass-country-songaren Alison Krauss. Det kom ut 23. oktober 2007 på Rounder Records. Raising Sand vann prisen som årets album i USA i 2009.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

To songar av Gene Clark—«Polly (Come Home)» og «Through the Morning, Through the Night»—vart opphavleg spelt inn av Dillard & Clark for albumet Through the Morning Through the Night i 1969. «Rich Woman» vart først spelt inn av McKinley Millet (som L'il Millet) and his Creoles i 1955, for Specialty Records. «Please Read the Letter» vart først spelt inn av Page and PlantWalking into Clarksdale i 1998. «Gone, Gone, Gone» var opphavleg ein Everly Brothers-song for Warner Music i 1964. Dei spelte òg inn «Stick With me Baby» i 1960, for A Date with The Everly Brothers. «Trampled Rose» vart opphavleg skriven og spelt inn av Tom WaitsReal Gone i 2004.

Bortsett frå påverkanden frå vokalstilane og talenta til Plant and Krauss, har produsenten på albumet, T-Bone Burnett fått mykje av æra for den grunnleggande musikalske stilen på albumet.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Alison Krauss spelar med Robert Plant i 2008

Albumet vart møtt mykje ros frå kritikarane og har ein middelscore på 87 frå innsamla meldingar på Metacritic.[1] Albumet vart av Rolling Stone kåra til det 24. beste i 2007.[2] ">

Songane på Raising Sand vart handplukka av produsent T-Bone Burnett. Entertainment Weekly skildra coversongane som utgjer albumet for «utsøkt»,[3].

«Gone, Gone, Gone (Done Moved On)» vart gjeven ut på singel og vann Grammy Award for beste popsamarbeid med vokal. Songen «Killing the Blues» vart plassert på 51. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste songane i 2007.[4]

I 2009 vann albumet alle dei fem prisane det var nominert til på Grammy Award: Årets album, beste kontemporære folk/americana-album, årets singel («Please Read the Letter»), beste popsamarbeid med vokal (for «Rich Woman») og beste countrysamarbeid med vokal (for «Killing the Blues»).[5][6]

Albumet vart òg nominert for Mercury Prize i 2008 i Storbritannia.

I desember 2009 rangerte musikkmagasinet Rhapsody albumet på andreplass på lista deira over dei beste countryalbuma på 2000-talet.[7]

Albumlister[endre | endre wikiteksten]

Albumet selde over 100 000 eksemplar i USA den første veka og debuterte på andreplass, den høgaste plasseringa for begge soloartistane (Plant hadde derimot oppnådd førsteplassar med Led Zeppelin fleire gonger).[8] Raising Sand selde til platinaplate i mars 2008.[9][10]

Albumet nådde òg andreplassen i Storbritannia i januar 2008 og i Noreg gjekk albumet heilt til topps på VG-lista.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rich Woman»   Dorothy LaBostrie, McKinley Millet 4:04
2. «Killing the Blues»   Roly Jon Salley 4:16
3. «Sister Rosetta Goes Before Us»   Sam Phillips 3:26
4. «Polly Come Home»   Gene Clark 5:36
5. «Gone Gone Gone (Done Moved On)»   Don Everly, Phil Everly 3:33
6. «Through the Morning, Through the Night»   Gene Clark 4:01
7. «Please Read the Letter»   Charlie Jones, Michael Lee, Jimmy Page, Robert Plant 5:53
8. «Trampled Rose»   Kathleen Brennan, Tom Waits 5:34
9. «Fortune Teller»   Naomi Neville 4:30
10. «Stick With Me Baby»   Mel Tillis 2:50
11. «Nothin'»   Townes Van Zandt 5:33
12. «Let Your Loss Be Your Lesson»   Milton Campbell 4:02
13. «Your Long Journey»   Doc Watson, Rosa Lee Watson 3:55

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Plant And Alison Krauss: Raising Sand (2007): Reviews, Metacritic
  2. "The Top 50 Albums of 2007". Rolling Stone. December 17, 2007. Henta 29. mars 2011.
  3. "Raising Sand (2007) Alison Krauss, Robert Plant". Entertainment Weekly. October 26, 2008. Henta 29. mars 2011.
  4. "The 100 Best Songs of 2007" Rolling Stone. December 11, 2007. Henta 29. mars 2011.
  5. http://content.grammy.com/grammy_awards/51st_show/list.aspx
  6. MTV News Staff (2009-02-08), Grammy 2009 Winners List, MTV, http://www.mtv.com/news/articles/1604545/20090208/story.jhtml, henta 29. mars 2011 
  7. "Country’s Best Albums of the Decade" Henta 29. mars 2011.
  8. Hasty, Katie. "Underwood Leads Three Country Debuts Onto Chart", Billboard. October 31, 2007. Henta 29. mars 2011
  9. "RIAA Searchable Database". RIAA. Henta 29. mars 2011
  10. "Alison Krauss/Robert Plant go platinum". Country Standard Time. March 20, 2008. Henta 29. mars 2011.