Rakaposhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rakaposhi

Rakaposhi er eit 7 788 meter over havet høgt fjell i Karakoram, langt nord i Pakistan. Fjelltoppen er den høgste i Rakaposhi-Haramosh-fjella. Den 5 800 meter høge og 20 km breie nordveggen på Rakaposhi er den høgste fjellveggen i verda.

Britane Mike Banks og Tom Patey nådde toppen den 25. juni 1958 som dei fyrste menneska. Dei kleiv opp langs sørvestegga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]