Rakefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rakefisk med kokt potet, lefse, lauk og rømme.

Rakefisk (også skrive rakfisk og rakafisk) er ein fiskerett laga av feit fisk gjennom ei form for preserving kalla raking som er ei blanding av lett salting, gjæring og sjølvoppløysing (autolyse).

Ein kan laga rakafisk av fiskeslag som aure, sik, røye, laks og harr og nokre saltvasslag, som abbor og sild. Fisken blir sløya under reinslege tilhøve og tilsett 6–8 % salt og eventuelt litt sukker. Han mognar i nokre månader utan oksygen og ved låg temperatur (5–8 °C). Fisken blir typisk lagt tett med buken opp under press i krukke, butt eller bytte. Prosessen blir påverka av enzym og mjølkesyrebakteriar som finst naturleg i fisken.

Som regel et ein rakfisk rå og kald, men i eldre tid kunne ein også glosteika fisken eller koka han.

Historisk er raka fisk blitt kalla suurfisk i Noreg og Sverige, gravfisk i Sverige og rakfisk i Norege. Det finst liknande rettar i sirkumpolare strøk og i Søraust-Asia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rakefisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Raking» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2014.