Raki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raki-skål over meze-tallerkenar.

Raki (tyrkisk rakı, rakɯ]) er eit brennevin med anissmak som er utbreidd i Tyrkia og nærliggjande land. Raki kan lagast av druer, rosiner, dadlar eller fiken.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Raki er i utgangspunktet eit klart brennevin, men blir gjerne drukke tilsett først vatn og så isbitar. Dette gjev det ein mjølkekvit farge, og eit tilnamn til raki er «løvemjølk».

Drikken har ein lakrissmak som gjer at han kan minna om gresk ouzo eller fransk pastis. Drikken blir typisk servert i tynne, sylinderforma glas som ein skålar med ved å halda øvst og føra botnane mot kvarandre. Han blir gjerne drukken med mat som meze (småretter) og fisk.

Utbreidde rakimerke er Yeni, Efe og Tekirdağ.

Kulturell tyding[endre | endre wikiteksten]

Raki er rekna som tyrkisk nasjonaldrikk. Statsminister Recep Tayyip Erdoğan, som er strengt muslimsk avhaldsmann, har skapt blest fleire gonger med uttalingar knytt til drikken. I mars 2013 hevda han at leiaren av opposisjonen i Tyrkia måtte ha drukke «raki med vatn». I april same året heldt han fram ayran, ein joghurtdrikk utan alkohol, som tyrkisk nasjonaldrikk. Drikkedebatten markerer skiljet mellom dei sekulære kreftene i Tyrkia, symbolisert av landsfaderen og rakielskaren Mustafa Kemal Atatürk, og seinare religiøs fundamentalisme.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raki

Kjelder[endre | endre wikiteksten]