Rakkestadelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rakkestadelva er ei elv i Rakkestad kommune. Ho startar i Kolbjørnsviksjøen, og går gjennom Skjølja før ho kryssar Rv124 og renn gjennom sentrum av Rakkestad, der det er laga til fiskeplassar for rullestolbrukarar. Av fiskar ein kan få i Rakkestadelva er åbor, brasme, flire, gjedde, hork, laue, mort, niøye, stam, sørv, aure og ål.

Sideelvar til Rakkestadelva er Dørja, Schieselva og Tjæra. Elva renn ut i Glomma ved Brekke, der det er ein elvekraftstasjon, Brekke kraftverk. Buer kraftverk er eit anna kraftverk i elva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]