Ralf Hütter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ralf Hütter
Ralf Hütter by Ueli Frey (1976).jpg
Ralf Hütter av Ueli Frey, 1976
Verkeleg namn Ralf Hütter
Fødd 20. august 1946 (67 år), Krefeld i Nordrhein-Westfalen i Tyskland
Instrument Synthesizer, klaverinstrument, vocoder, gitar, bassgitar, trommer, perkusjon, vokal
Sjanger Elektronisk musikk
Synthpop
Krautrock
Aktive år 1965 til i dag
Yrke Musikar og vokalist
Tilknytte artistar Kraftwerk
Organisation
The Phantoms [1]
The Quartermasters[2][3]
Nettstad www.kraftwerk.com

Ralf Hütter (fødd 20. august 1946) er ein tysk klaverspelar og songar i electronica-bandet Kraftwerk. Etter at Florian Schneider slutta i bandet i 2008, er han den einaste som har vore med heilt frå starten av.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Hütter vart fødd i Krefeld i Tyskland. Han bur i dag nær Düsseldorf.[4] Han møtte Florian Schneider medan han studerte improvisasjon ved konservatoriet i Düsseldorf.[5]

Sykkelinteresse[endre | endre wikiteksten]

Ralf Hütter er ein entusiastisk tilhengjar av sykling. Ei vandesoge skal ha det til at då bandet var på verdsturné, så slapp bussen han av 100 km frå endestaden, slik at han kunne sykle den siste vegen. Bandet byrja å sykle då dei spelte inn albumet Die Mensch-Maschine seint i 1970-åra. Singelen «Tour de France» inneheld lydar av syklar som sykkelkjede, girmekanismar og pusting frå ein syklist. Ralf Hütter prøvde på denne tida å overtale bandet til å spele inn eit album basert på sykling, men dette vart ikkje noko av. Prosjektet vart til slutt gjeve ut som Tour de France Soundtracks i 2003.

Hütter var involvert i ei alvorleg sykkelulukke i 1983, under innspelinga av det skrinlagde albumet Techno Pop.[6] Berre singelen «Tour de France» og to demoar vart tilgjengeleg etter innspelingane. Han vart lagt i koma som følgje av ulukka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]