Ralja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ralja (Раља)
Utspring Fjellet Kosmaj vest for Velika Ivanča
Munning Jezava i Radinac
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 51 km
Nedslagsfelt 310 km²

Ralja (serbisk Раља) er ei elv i regionen Šumadija i Serbia. Ho er 51 km lang og ei sideelv til Jezava frå venstre, som er den venstre greina av Velika Morava.

Ralja spring ut nord i Kosmaj-fjellet, nord for landsbyen Velika Ivanča i kommunen Sopot i byen Beograd. Elva renn gjennom nokre av forstadane i Beograd, men renn bort frå byen og ut i ein av armar av Jezava ved Radinac.

Ralja drenerer eit område på 310 km² og høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]