Rally Norway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mads Østberg under Rally Norway 2007.
Bilen til Henning Solberg i Hamar under Rally Norway 2007.

Rally Norway er namnet på det norske rallyet som frå og med 2007-sesongen er ein del av World Rally Championship. Frå tidlegare er det berre Sverige som har arrangert rally-VM på snø. Køyring på snø og is vert sett på som veldig eksotisk i rallysamanheng og med bruken av Vikingskipet som servicehall og testmulighetene på WRC Test CampHaslemoen er Rally Norway en unik VM-runde.

Rallyet har utspring i Rally Finnskog Norway og KNA Kongsvinger.

Prøve-VM[endre | endre wikiteksten]

Et kandidatløp, populært kalla prøve-VM, vart arrangert den 10. og 11. februar 2006 med stor suksess. Start og mål gjekk frå Hamar, medan etappane gjekk til Lillehammer, Sjusjøen, Kongsvinger og Elverum m.m.

Det var Henning Solberg som til slutt vart vinnar av løpet. Lenge var Daniel Carlsson rett bak Solberg, men køyrde ut på SS12 og måtte bryte. På høvesvis andre og tredje plass kom dei norske talentena Mads Østberg og Anders Grøndal.

VM-status[endre | endre wikiteksten]

FIA avgjorde 5. juli 2006 i et møte i Paris at Rally Norway skulle få status som VM-runde. I første omgang for eit år, med mogleikar for fornya kontrakt etter dette. 18. oktober 2006 bestemte FIA at ingen av dei nye rundene skulle VM i 2008, mot at andre kandidatar skulle få prøve seg. Etter 2007 og 2008 vil alle VM-løpene bli likestilt, og FIA vil gi 16 runder VM-status.

Det første rally-VM på norsk snø vart held 15.-18. februar 2007. Vinnar var Mikko Hirvonen som leia rallyet frå og med første etappe. På 2.-plass kom Marcus Grönholm medan Henning Solberg vart beste nordmann på ein 3.-plass.

Vinnarar sidan 2006[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Frå byrjinga var Jim Carlsen dagleg leiar, men Even Wiger, som blant anna hadde hatt ansvar ovanfor myndigheitene, tok over den rolla i oktober 2005. Jim Carlsen er no sponsoransvarleg i organisasjonen. Under kandidatløpet var Bertil Klarin, med mangeårig erfaring frå Uddeholm Swedish Rally, løpsledar. Han er nå sportsleg rådgjevar og Stig Rune Kjernsli er løpsleder.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]