Ralph Siegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eurovision
Eurovision Song Contest
Tevla for Luxembourg
04 (F) 1974 Låtskrivar
09 (F) 1980 Låtskrivar
13 (F) 1985 Låtskrivar
Tevla for Vest-Tyskland
15 (F) 1976 Låtskrivar
04 (F) 1979 Låtskrivar
02 (F) 1980 Låtskrivar
02 (F) 1981 Låtskrivar
01 (F) 1982 Låtskrivar
02 (F) 1987 Låtskrivar
14 (F) 1988 Låtskrivar
09 (F) 1990 Låtskrivar
Tevla for Tyskland
16 (F) 1992 Låtskrivar
03 (F) 1994 Låtskrivar
18 (F) 1997 Låtskrivar
03 (F) 1999 Låtskrivar
21 (F) 2002 Låtskrivar
11 (F) 2003 Låtskrivar
Tevla for Sveits
16 (F) 2006 Låtskrivar
Tevla for Montenegro
11 (SF 1) 2009 Låtskrivar
Tevla for San Marino
14 (SF 1) 2012 Låtskrivar
11 (SF 2) 2013 Låtskrivar
10 (SF 1) 2014 Låtskrivar
24 (F) 2014 Låtskrivar

Ralph Siegel (fødd 30. september 1945 i München) er ein tysk musikar, låtskrivar og musikkprodusent.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Ein Lied für Edinburgh[endre | endre wikiteksten]

Siegel deltok med tre bidrag i Ein Lied für Edinburgh, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1972 i Edinburgh i Storbritannia. Singelen «Meine Liebe will ich dir geben» vart framførd på tysk av Edina Pop og enda på ein tredelt sjetteplass med 27 røyster. «Hallelujah Man» vart framførd på tysk av Marion Maerz og enda på femteplass med 30 røyster, og «Mein Geschenk an Dich», som vart framførd på tysk av Adrian Wolf, enda på tolvte- og sisteplass med 13 røyster.

Eurovision Song Contest 1974[endre | endre wikiteksten]

RTL Télé Luxembourg valte singelen «Bye Bye I Love You», skriven av Siegel og Michael Kunze, til å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 1974 i Brighton i Storbritannia. Bidraget vart framførd på fransk og engelsk av Ireen Sheer, og enda på fjerdeplass med 14 poeng; tre frå Irland, to frå Israel, Jugoslavia og Italia og eitt frå Spania, Hellas, Monaco, Belgia og Vest-Tyskland.[1]

Ein Lied für Stockholm[endre | endre wikiteksten]

Med singelen «Alles geht vorüber» deltok han i Ein Lied für Stockholm, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1975 i Stockholm i Sverige. Songen, som vart framførd på tysk av Peggy March, skreiv han saman med Kurt Hertha. Bidraget enda på andreplass 128 poeng.[2]

Ein Lied für Den Haag[endre | endre wikiteksten]

Saman med Kurt Hertha skreiv Siegel «Sing Sang Song» som dei deltok med i Ein Lied für Den Haag, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 i Haag i Nederland. Singelen vart framførd på tysk av Les Humphries Singers, og enda på andreplass med 96 705 røyster. Bidraget som vann vart seinare diskvalifisert og «Sing Sang Song» vart annonsert og promotert som det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1976.[3]

Eurovision Song Contest 1976[endre | endre wikiteksten]

Etter at vinnaren i den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1976 vart diskvalifisert fekk «Sing Sang Song» av Les Humphries Singers, og skriven av Siegel, representere Vest-Tyskland. Landet enda på 15. plass med tolv poeng; tre frå Jugoslavia, to frå Sveits, Luxembourg, Spania og Frankrike og eitt frå Belgia.

Ein Lied für Jerusalem[endre | endre wikiteksten]

Gebrüder Blattschuß og Dschinghis Khan deltok med høvesvis «Ein Blick sagt mehr als jedes Wort» og «Dschinghis Khan» i Ein Lied für Jerusalem, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1979 i Jerusalem i Israel. Båe bidraga vart skriven på tysk av Siegel, den fyrste i samarbeid med Hans Greiner og den andre i samarbeid med Bernd Meinunger.[4] «Ein Blick sagt mehr als jedes Wort» enda på tolveplass, medan «Dschinghis Khan» vann tevlinga.

Eurovision Song Contest 1979[endre | endre wikiteksten]

«Dschinghis Khan» av Dschinghis Khan representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1979 der bidraget enda på fjerdeplass med 86 poeng; tolv frå Danmark, Monaco, Frankrike og Spania, åtte frå Storbritannia, seks frå Israel og Sverige, fem frå Irland, fire frå Belgia, tre frå Finland, to frå Portugal og Nederland og eitt frå Italia og Luxembourg.

Ein Lied für Den Haag[endre | endre wikiteksten]

Siegel skreiv to bidrag til Ein Lied für Den Haag, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1980 i Haag i Nederland. «Pan» av Costa Cordalis skreiv han saman med Kurt Hertha, og «Theater» av Katja Ebstein skreiv han saman med Bernd Meinunger.[5] Båe songane vart framførd på tysk, og enda på høvesvis andre- og fyrsteplass i tevlinga.

Eurovision Song Contest 1980[endre | endre wikiteksten]

Siegel og Meinunger representerte både Tyskland og Luxembourg i Eurovision Song Contest 1980, med høvesvis «Theater» av Katja Ebstein og «Papa Pingouin» av Sophie & Magaly. Det luxembourgske bidraget vart valt internt av RTL Télé Luxembourg. Tyskland enda på andreplass med 128 poeng; tolv frå Italia, Nederland og Spania, ti frå Tyrkia, Marokko, Storbritannia og Frankrike, åtte frå Austerrike og Portugal, sju frå Danmark, Sveits og Belgia, fem frå Sverige og Irland, tre frå Luxembourg og to frå Finland. Luxembourg enda på niandeplass med 56 poeng; åtte frå Storbritannia, Irland og Belgia, sju frå Noreg og Frankrike, seks frå Sverige, fire frå Danmark, tre frå Finland og Spania og eitt frå Austerrike og Tyrkia.

Ein Lied für Dublin[endre | endre wikiteksten]

Til Ein Lied für Dublin, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland, skreiv Seigel to songar saman med Meinunger; «Mannequin» av The Hornettes og «Johnny Blue» av Lena Valaitis, båe framførd på tysk.[6] «Mannequin» enda på andreplass med 4 304 poeng, medan «Johnny Blue» vann tevlinga med 5 023 poeng.

Eurovision Song Contest 1981[endre | endre wikiteksten]

«Johnny Blue» av Lena Valaitis som vann Ein Lied für Dublin representerte Vest-Tyskland i Eurovision Song Contest 1981. Landet enda på andreplass med 132 poeng; Tyrkia, Spania, Portugal og Sverige, ti frå Belgia, åtte frå Israel, Danmark, Frankrike og Kypros, sju frå Finland og Storbritannia, seks frå Irland, fem frå Austerrike og Hellas, fire frå Noreg, tre frå Luxembourg og Nederland og to frå Jugoslavia.

Ein Lied für Harrogate[endre | endre wikiteksten]

Siegel skreiv heile tre bidrag til Ein Lied für Harrogate, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1982 i Harrogate i Storbritannia. «Blue-Jeans-Kinder», framførd på engelsk og tysk av Marianne Rosenberg, «Peter Pan», framførd på tysk av Paola, og «Ein bißchen Frieden», framførd på tysk av Nicole. Dei to sistnemde skreiv han saman med Meinunger.[7][8][9] «Blue-Jeans-Kinder» enda på åttandeplass med 2 862 røyster, «Peter Pan» enda på andreplass med 4 318 røyster og «Ein bißchen Frieden» vann med 5 116 røyster.

Eurovision Song Contest 1982[endre | endre wikiteksten]

«Ein bißchen Frieden» var det vesttyske bidraget i Eurovision Song Contest 1982. Bidraget vann tevlinga med 161 poeng; tolv frå Portugal, Tyrkia, Sveits, Kypros, Spania, Danmark, Jugoslavia, Israel og Irland, ti frå Noreg, Finland og Belgia, åtte frå Storbritannia og Sverige, seks frå Nederland og eitt frå Austerrike. Etter sigeren framførde ho songen om att, då på engelsk, fransk, nederlandsk og tysk. Dette var den fyrste og einaste gongen Vest-Tyskland vann tevlinga, og den fyrste av to gonger Tyskland har vunne. Vest-Tyskland fekk 1,61 gonger så mange poeng som andreplassen Israel, som var rekord under dagens poengsystemet fram til Noreg fekk 1,78 gonger så mange poeng som andreplassen Island i 2009.

Ein Lied für Luxemburg[endre | endre wikiteksten]

Saman med Meinunger skreiv Siegel singelen «Tingel Tangel Mann» til Ein Lied für Luxembourg, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1984 i Luxembourg i Luxembourg.[10] Songen vart framførd på tysk av Harmony Four, og enda på tredjeplass med 3 852 røyster.

Ein Lied für Göteborg[endre | endre wikiteksten]

Siegel skreiv singlane «Die Glocken von Rom» og «Grün, grün, grün» til Ein Lied für Göteborg, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.[11][12] Songane vart skriven saman med Meinunger, og framførd på tysk av høvesvis Heike Schäfer og Caro Pukke.[11][12] «Grün, grün, grün» enda på fjerdeplass med 3 535 røyster, medan «Die Glocken von Rom» enda på andreplass med 3 597 røyster.

Eurovision Song Contest 1985[endre | endre wikiteksten]

Singelen «Children, Kinder, Enfants» vart skriven av Siegel, Meinunger og Jean-Michel Beriat for å representere Luxembourg i Eurovision Song Contest 1985. Songen vart valt internt av RTL Télévision, og vart framførd på fransk, engelsk og tysk av Margo, Franck Olivier, Diane Solomon, Ireen Sheer, Malcolm & Chris Roberts. Bidraget enda på 13. plass med 37 poeng; ti frå Portugal, åtte frå Austerrike, fem frå Israel, fire frå Frankrike og Noreg, tre frå Vest-Tyskland, to frå Danmark og eitt frå Italia.

Ein Lied für Bergen[endre | endre wikiteksten]

Siegel skreiv fire songar til Ein Lied für Bergen, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1986 i Bergen i Noreg. Dei fire bidraga var «Telefon», framførd av That's Life, «Clowns», framførd av Clowns, «Die Engel sind auch nicht mehr das was sie war'n», framførd av Chris Heart and Band, og «Wir gehör'n zusammen», framførd av Dschinghis Khan. «Telefon» har tekst på tysk og vart skriven saman med Werner Shuler, «Clowns» har tekst på tysk og engelsk og vart skriven saman med Meinunger og Michael Kunze, «Die Engel sind auch nicht mehr das was sie war'n» har tekst på tysk og vart skriven saman med Meinunger og «Wir gehör'n zusammen» har tekst på tysk og vart skriven saman med Meinunger.[13][14][15][16] Bidraga enda på høvesvis tolvteplass med 2 011 røyster, sjetteplass med 3 597 røyster, tredjeplass med 4 027 røyster og andreplass med 4 088 røyster.

Ein Lied für Brüssel[endre | endre wikiteksten]

Til Ein Lied für Brüssel, den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1987 i Brussel i Belgia, skreiv Siegel og Meinunger singlane «Aus», «Frieden für die Teddybären» og «Laß die Sonne in dein Herz».[17][18][19] Alle songane vart framførd på tysk av høvesvis Cassy, Maxi & Chris Garden og Wind.[17][18][19] Bidraga enda på høvesvis sjuandeplass med 3 126 røyster, andreplass med 4 370 røyster og fyrsteplass med 4 445 røyster.

Eurovision Song Contest 1987[endre | endre wikiteksten]

Etter sigeren i Ein Lied für Brüssel fekk Siegel og Meinunger representere Vest-Tyskland med «Laß die Sonne in dein Herz», framførd på tysk av Wind, i Eurovision Song Contest 1987. Bidraget enda på andreplass med 141 poeng; tolv frå Island og Danmark, ti frå Austerrike, Belgia, Nederland, Storbritannia og Finland, åtte frå Israel, sju frå Sverige, Irland og Jugoslavia, seks frå Tyrkia, Luxembourg, Frankrike og Kypros, fem frå Portugal, fire frå Italia, tre frå Noreg og eitt frå Spania og Sveits. Vest-Tyskland fekk poeng frå alle landa, bortsett frå Hellas.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Luxembourg 1974 (engelsk). esc-history.com. Vitja 17. mars 2014.
  2. German National Final 1975 (engelsk). geocities.com. Vitja 17. mars 2014.
  3. Archiv von EC-Germany zur deutschen Vorentscheidung 1976 (tysk). escgermany.de. Vitja 17. mars 2014.
  4. Gebrüder Blattschuss ‎– Ein Blick Sagt Mehr Als Jedes Wort (engelsk). discogs.com. Vitja 18. mai 2014.
  5. Costa Cordalis ‎– Pan (engelsk). discogs.com. Vitja 18. mai 2014.
  6. Hornettes, The ‎– Mannequin (engelsk). discogs.com. Vitja 19. mai 2014.
  7. Marianne Rosenberg ‎– Blue-Jeans Kinder / Mein Weg Zu Dir (engelsk). discogs.com. Vitja 22. mai 2014.
  8. Paola (2) ‎– Peter Pan (engelsk). discogs.com. Vitja 22. mai 2014.
  9. Nicole (2) ‎– Ein Bißchen Frieden (engelsk). discogs.com. Vitja 22. mai 2014.
  10. Harmony Four ‎– Tingel Tangel Mann (engelsk). discogs.com. Vitja 23. mai 2014.
  11. 11,0 11,1 Heike Schäfer ‎– Die Glocken Von Rom (engelsk). discogs.com. Vitja 23. mai 2014.
  12. 12,0 12,1 Heike Schäfer ‎– Die Glocken Von Rom (engelsk). discogs.com. Vitja 23. mai 2014.
  13. That's Life ‎– Telefon (engelsk). discogs.com. Vitja 24. mai 2014.
  14. Dschinghis Khan Family* ‎– Wir Gehör'n Zusammen (engelsk). discogs.com. Vitja 24. mai 2014.
  15. Clowns ‎– Clowns (engelsk). discogs.com. Vitja 24. mai 2014.
  16. Chris Heart (engelsk). discogs.com. Vitja 24. mai 2014.
  17. 17,0 17,1 Cassy* ‎– Aus / Oh Charly (engelsk). discogs.com. Vitja 25. mai 2014.
  18. 18,0 18,1 Maxi & Chris Garden ‎– Frieden Für Die Teddybären (engelsk). discogs.com. Vitja 25. mai 2014.
  19. 19,0 19,1 Wind (4) ‎– Lass Die Sonne In Dein Herz (engelsk). discogs.com. Vitja 25. mai 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Tyske låtskrivarar i Eurovision Song Contest Mal:Luxembourgske låtskrivarar i Eurovision Song Contest Mal:Montenegrinske låtskrivarar i Eurovision Song Contest

Mal:Sveitsiske låtskrivarar i Eurovision Song Contest Mal:Låtskrivarar i Eurovision Song Contest 2012