Ralph Tambs Lyche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ralph Tambs Lyche

Fødd6. september 1890
Macon
Død15. januar 1991
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnGuri Tambs-Lyche
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Ralph Tambs Lyche (6. september 189015. januar 1991) var ein norsk matematikar.

Han vart fødd i Macon i den amerikanske delstaten Georgia av ein norsk far og ei amerikansk mor, men flytta til Noreg då han var to år gammal. Under studietida jobba han blant anna som assistentlærer ved NTH. Han vart uteksaminert frå Det Kongelege Frederiks Universitet i 1916, og vart tilsett som dosent i matematikk ved NTH i 1918. Han tok doktorgraden sin i Strasbourg i 1927 etter eit toårig opphald der. I 1937 vart han forfremma til professor, ei stilling han hadde til 1950, då han vart professor ved Universitetet i Oslo, der han arbeidde fram til han vart pensjonert i 1961. Arbeidsfelta hans var matematisk analyse, funksjonsteori, algebra og talteori. Han skreiv omkring 60 matematiske verk og òg nokre få publikasjonar i botanikk. Lyche hadde eit herbarium som visstnok var det største i Noreg, og var òg ein periode formann i Norsk botanisk forening. Han vart kjent for sine matematiske lærebøker, både for den vidaregåande skulen og ein annan for tekniske høgskular og universitet. Han var òg redaksjonelt styremedlem i tidsskriftet Nordisk Matematisk Tidsskrift.

Lyche var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1927, og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1946. Frå 1946 til 1950 var han generalsekretær i Det Kongelege Norske Videnskabers Selskab. Han var formann i Norsk matematisk forening 1953–1959. Han vart vald til formann på Studentersamfundet i Trondhjem i 1920 og han heldt blant anna foredrag under politiske møte der. Han var medlem av Clarté og tilknytt Mot Dag. Under unntakstilstanden til nazistane i Trondheim i 1942 vart han fengsla på Falstad fangeleir. Han sat i fangenskap resten av andre verdskrigen. Lyches villa i Jonsvannsveien vart brukt av Rinnanbanden og er kjend som «Bandeklosteret».

Ralph Tambs Lyche var far til aktivisten Guri Tambs-Lyche. Kona hans Else Alvilde Rasmussen var òg politisk aktiv, og starta Mødrehygienekontoret i Trondheim. Tambs Lyche døydde tidleg i 1991, 100 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]