Ramat Yishai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ramat Yishai
רָמַת יִשַּׁי
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°42′12.24″N 35°9′54.36″E / 32.7034000°N 35.1651000°E / 32.7034000; 35.1651000
Areal 2,4 km²
Folketal 6 600  (2010)
Folketettleik 2 750 / km²
Grunnlagd 1925
 - Bystatus 1958
Borgarmeister Ofer Ben-Eliezer
Kart
Ramat Yishai
32°42′12″N 35°09′54″E / 32.703333333333°N 35.165°E / 32.703333333333; 35.165
Wikimedia Commons: Ramat Yishay

Ramat Yishai (hebraisk רָמַת יִשַּׁי) er ein lokal kommune i Nord distrikt i Israel, ved vegen mellom Haifa og Nasaret, kring 4 km aust for Kiryat Tivon. Han fekk status som lokal kommune i 1958. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde han eit folketal på 6 600 i 2010, med ein vekstrate på 6,3%. Dei fleste innbyggjarane i landsbyen er jødar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Område på vestsida av Jezreeldalen, som høyrte til landsbyen Jida, vart kjøpt av amerikanske sionistar tidleg i 1920-åra. Han fekk namnet Manor og så Yefe Nof, men vart fråflytta etter få år. I 1925 redda filantropen Yisrael Yehudah Adler landsbyen frå konkurs og han vart kalla opp etter han kort tid etter. Av innbyggjarane som flytta inn i landsbyen var 50 familiar frå Lodz og Białystok i Polen, som bygde ein tekstilfabrikk i landsbyen. Etter at det moderne Israel vart danna i 1948 flytta familiar frå Jemen òg til landsbyen.

Ein av dei mest kjende bygningane i landsbyen er «Khan», ei bygning frå 190 med omliggande murar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]