Ramble On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ramble On
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin II
Utgjeve 22. oktober 1969
Innspelt 1969, Juggy Sound Studio, New York
Sjanger Folkrock, hardrock
Lengd 4:23
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«Ramble On» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin II i 1969. Han vart skriven av Jimmy Page og Robert Plant, og spelt inn i 1969 i Juggy Sound Studio i New York under den andre turneen deira i USA. I 2004 vart songen rangert på 433. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Påverknader[endre | endre wikiteksten]

Teksten til songen er kraftig påverka av Ringenes herre av J.R.R. Tolkien.[1] Opningslinja («Leaves are falling all around») er truleg ei omskriving av opningslinja i Tolkien-diktet «Namárië». Diktet kan òg ha vore inspirasjon for heile det første verset.

Fleire Tolkien-referansar kjem seinare i songen som Mordor, og kanskje Arwen (dotter til Elrond):

«

Mine's a tale that can't be told,
My freedom I hold dear;
How years ago in days of old
When magic filled the air,
T'was in the darkest depths of Mordor
I met a girl so fair.
But Gollum, and the evil one crept up
And slipped away with her.

 »

Andre songar av Led Zeppelin som referer til Tolkien er mellom andre «Misty Mountain Hop», «The Battle of Evermore» og «Stairway to Heaven».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Den skramlande gitarintroduksjonen nyttar ein av dei klassiske teknikkane til Jimmy Page, med vanlege opne akkord lagt høgare oppå grepbreidda.

Det har vore mykje omdiskutert kva Bonham spelar på i bakgrunnen gjennom heile songen. Enkelte meiner det har vore bongotrommer, andre botn av ei plastbøtte eller trommestikkene på eit skinnsete, og til meg solen på skoa han brukte under innspelinga. Boka John Bonahm: A Thunder Of Trommer skriv derimot at han brukte hendene på ein gitarkasse.[2]

Songen syner kor tett samspelet mellom bassist John Paul Jones og trommeslagar John Bonham.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Fram til 2007 hadde aldri «Ramble On» vorte spelt i sin heilskap av Led Zeppelin på konsertane deira.[1] Delar av songen vart spela i midten av «Babe I'm Gonna Leave You» på ein konsert i Toronto den 2. november 1969, som ein kan høyre på piratkopiplata Listen to my Bluebird. Den fulle versjonen av songen vart spela på konsert for Ahmet Ertegün den 10. desember 2007.

I juni 2008 vart Jimmy Page og John Paul Jones med Foo Fighters på scenen på Wembley Stadium og spela «Ramble On» med Dave Grohl på vokal og Taylor Hawkins på trommer.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Samplingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Donald D («A Letter I'll Never Send»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Ramble On sound question - Forum on Drummer World.com