Rame Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 50°18′40″ N 4°13′23″ W

Rame Head sett frå land
Rame Head sett frå havet

Rame Head er eit nes sørvest for landsbyen Rame søraust i Cornwall i England.

Det stod eit åsfort her i jernalderen og seinare vart det bygd eit kapell tileigna St. Mikael. Kapellet vart nytta til messe første gong i 1397, men er truleg langt eldre.

Neset er ofte det siste stykke land ein ser når ein seglar frå England via Plymouth Sound frå Plymouth. Det er derfor nemnd i sjantisongen «Spanish Ladies».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]