Ramiro Corrales
| Personleg informasjon | ||
|---|---|---|
| Namn | Ramiro Corrales | |
| Fødselsdato | 12. mars 1977 | |
| Fødestad | Salinas i USA | |
| Høgd | 183 cm | |
| Posisjon | Forsvar | |
| Klubbinformasjon | ||
| Spelar for | San Jose Earthquakes | |
| Draktnummer | 5 | |
| Klubbar* | ||
| År | Klubb | Kampar (mål) |
| 1996 1996-1997 1997-1998 1998-2001 2001-2004 2005-2006 2007 2008- |
Columbus Crew San Jose Earthquakes Miami Fusion MetroStars San Jose Earthquakes Ham-Kam SK Brann San Jose Earthquakes |
0 (0) 25 (1) 1 (0) 56 (0) 96 (8) 46 (2) 11 (1) 49 (2) |
| Landslag** | ||
1996-2008 |
19 (0) 5 (0) |
|
|
* Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
||
Ramiro Corrales (fødd 12. mars 1977 i Salinas, California) er ein amerikansk fotballspelar med meksikansk bakgrunn, som spelar på venstrekanten for San Jose Earthquakes. Corrales kom til Brann frå Ham-Kam føre 2007-sesongen.
Han starta si profesjonelle fotballkarriere i Major League Soccer-klubben San Jose Earthquakes i 1996. I november 1997 gjekk han til den no nedlagte Miami Fusion, og berre et halvt år etter dette gjekk han til MetroStars, der han spelte mykje. I 2001 gjekk han tilbake til San Jose Earthquakes.
Corrales har spelt fire landskampar for det amerikanske a-laget, samt ein del kampar for aldersbestemte landslag.
Han signerte for Ham-Kam 26. november 2004. Vårsesongen 2005 blei øydelagt grunna for lite trening, men han spelte seg etter kvart inn som fast venstreback, og starta i alle kampane i haustsesongen. Han blei kåret til årets Ham-Kam-spelar i 2006 av både Hamar Arbeiderblad og supportarane på klubben si eiga heimeside.