Rammestyring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rammestyring.

Rammestyring (eller midjestyrning) betyr at køyretøyet er «ledda» på midten, slik at framdelen og bakdelen kan vinklast i høve til kvarandre, ved hjelp av hydrauliske sylindrar. Ved å plassera leddet midt mellom akslane oppnår ein at hjula på same side sporar når maskina svingar. Dette resulterer i eit lettmanøvrert køyretøy med liten svingradius. Ein treng heller ikkje differensial mellom fram og bakaksel, ettersom hjula på same side tilbakelegg same veglengd.

Rammestyrt hjullastar.

Rammestyrte maskiner har enten pendlande fram- eller bakaksel, eller dei to delane roterer i høve til kvarandre. Ei ulempe med rammestyring er at tyngdepunktet forskyv seg når maskina svingar, slik at stabiliteten vert dårlegare.

Rammestyring vert mellom anna nytta på skogsmaskinar, anleggsmaskinar, nokre beltevogner. Nokre store landbrukstraktorar er òg rammestyrte. Ved køyring i vanskeleg terreng kan rammestyringa nyttast til å «vri» maskina laus om ho køyrer seg fast.

Kirovetz (russisk Кировец) K 700 rammestyrt landbrukstraktor.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste rammestyrte maskinane vart styrte med muskelkraft. Det italienske føretaket Motomeccanica, til dømes, produserte to rammestyrte traktorar/terrengkøyretøy, P4 på 2,3 tonn (frå 1918 til 1930) og P4M, på 3,3 tonn (frå 1919 til 1942) [1], det tyske føretaket Lantz produserte den rammestyrte traktoren HP, på rundt 1,7 tonn, frå 1923 til 1926 og i Seattle i USA eksperimenterte Tom Flynn med ein rammestyrt skogstraktor (Trail Muel) i 1924[2]. Desse hadde alle manuell styring.

Holder småtraktor frå 1964 med rammestyring.

Så lenge det vart nytta muskelkraft var rammestyring begrensa til relativt små maskiner. Det var fyrst då hydrauliske komponent vart tilgjengelege på 1950-talet at det vart mogleg å nytta rammestyring på støre maskiner. Rammestyring var da teke i bruk på maskinar som hjullastarar og lunnetraktorar. Mixermobile Manufacturers i Portland i Oregon i USA tykkjest ha vore det første føretaket som nytta hydraulisk manøvrert rammestyring, då dei i 1953 marknadsførte den rammestyrte hjullastaren Scoopmobile Model LD-5 [3]. Den fyrste vellukka landbrukstraktoren med hydraulisk manøvrert rammestyring var Wagner TR-14, som kom på marknaden i 1956 [4]. Han hadde ei motoreffekt på 160 hk og fire like store hjul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dozza, W., Trattori classici italiani dal 1911 al 1955, Giorgio Nada Editore, 2004.
  2. Samset, I., Storm gjennom skogene, Vigmostad & Bjørke, 2003.
  3. Haddock, K., Advent of articulation, Construction Equipment, 2005.03.01
  4. Theyssen, D., Roes, B og Simpson, P., Die Welt der Traktor-Giganten, Dieter Theysen Media, 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rammestyring