Ramnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ramnefjorden)

Ramnfjorden eller Ramnefjorden er ein fjord i Averøy kommuneNordmøre. Fjorden ligg på nordvestsida av Averøya ut mot havgapet i Norskehavet innanfor ei rekkje skjer og holmar som ligg ytst i havgapet ved Ramngapet.

Fjorden strekkjer seg om lag 12 km nordaustover mellom Midtfjordsleia i sørvest og nordaustover til området nord for Sveggen på Averøya. På sørsida av fjorden går ei rekkje sund og viker innover på Averøya, mellom anna Hendvika som går sør til Sundsfjorden og Sveggevika på austsida av Ekkilsøya.